
Rådgiver Personmarked
Sparebanken Vest
- Frist 11.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for å forme framtida di i finansverda?
Bli en del av vårt dyktige rådgiverteam privatmarked!
Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla påverkar trivsel, meistring og utvikling. I Sparebanken Vest Nordfjordeid er vi eit inkluderande, sosialt og framoverlent lag som jobbar saman for å skape verdifulle kundeopplevingar. No søkjer vi ein rådgivar som vil vere med på reisa mot å bli Noregs beste sparebank.
Kvifor velje oss?
Hos oss får du meir enn ein jobb – du blir del av eit fellesskap der vi lærer av kvarandre og heiar på kvarandre. Vi har eit arbeidsmiljø som verdset mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn. Vi set pris på variasjon i erfaring og kompetanse, og vi trur at ulike perspektiv gjer oss sterkare. I tillegg ligg kontoret vårt i sentrum, med alt du treng berre fem minutt unna.
Om jobben
Som rådgivar vil du spele ei sentral rolle i kundane sine viktige økonomiske val. Du vil:
- Bygge og utvikle langvarige relasjonar med kundane
- Tilby skreddarsydde løysingar innan kreditt, sparing, investering og forsikring
- Jobbe tett på kundane via telefon, videomøte og fysiske møter
- Få eigne kundar som du skal forvalte og vidareutvikle
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
- Har eit sterkt engasjement for finans og rådgjeving
- Du er en person som liker å snakke med mennesker
- Jobbar strukturert og trivst med eit høgt tempo
- Har relevant utdanning innan finans, økonomi eller administrasjon (erfaring kan kompensere for utdanning)
- Har, eller er motivert for, å oppnå autorisasjon innan sparing, investering, kreditt og forsikring
Kva kan vi tilby?
- Ein trygg arbeidsplass med gode utviklingsmoglegheiter
- Eit team med variert bakgrunn – nokre har lang fartstid i finans, medan andre har kome inn med erfaring frå servicebransjen og gjort stor suksess
- Ein leiar som legg til rette for læring og utvikling, slik at du raskt kjem opp i fart
- Interne opplæringsløp og moglegheit for autorisasjon
- Ein sosial arbeidsplass der vi finn på ting saman, både i og utanfor arbeidstida
Er du klar for neste steg?
Kjenner du deg igjen i dette? Ta gjerne kontakt med banksjef Christian Eikenes for ein uformell prat. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi gjer merksam på at det kan bli kravd framlegging av ordinær politiattest etter politiregisterlova § 40, og stadfesting frå Brønnøysundregistera om at du ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling.
Da Sparebanken Vest ble stiftet for 200 år siden, var det en ny måte å tenke bank på. Banken skulle være eid av kundene, og formålet var å hjelpe de mange fattige i samfunnet. Troen på at utfordringer løses best i fellesskap var det som skapte oss. Fremdeles er det denne tenkningen som er vår drivkraft. I dag har vi blitt mer enn 290 000 eiere, og har over 600 engasjerte og dyktige medarbeidere fordelt på 35 kontorer over hele Vestlandet. Vi er stolte over å være et selvstendig finanskonsern med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer her i vest.
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Bankgata 1, 6770 Nordfjordeid
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Finansiell rådgiver, Lån og sparing, Autorisasjon, Relasjonsbygging, Kredritt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395224073
- Sist endret