
System- og skyteneste-forvaltar
Klepp kommune
- Frist 23.03.2025
- Ansettelsesform Fast
System- og skyteneste-forvaltar
I Klepp arbeider me aktivt for å modernisera og effektivisera tenestene våre. Ein viktig del i dette arbeidet er å utnytta potensialet i dei IT-systema me har. Nå treng me å styrka laget vårt med ein person som kan driva dette arbeidet vidare. Me ser etter ein som kan ligge litt i forkant og sjå kva ny funksjonalitet som kjem, koma med forslag til korleis me kan utnytta dette hos oss og konfigurera det me bestemmer oss for å ta i bruk.
Framover skal me arbeida tettare saman med nabokommunane, og denne rolla vil delta i faglege nettverk på tvers av kommunane.
Arbeidsoppgåver
- Halda seg oppdatert på utviklinga av Microsoft-porteføljen og andre system for å kunna utnytta desse best mogleg i arbeidet for å nå måla til kommunen
- Konfigurera og setta i drift ny funksjonalitet
- Ivareta sikkerheita og følge opp og handtere hendingar
- Forvalta og dokumentera løysingar innan sitt område
- Delta i prosjekt
- Vera fagleg støtte for kollegaer
Kvalifikasjonar
Me ser etter ein kollega som har arbeidd med forvaltning og drift av slike system dei siste to til tre åra:
- Microsoft Azure, Intune og Defender
- Microsoft 365
- VMware og Citrix
- Nettverksutstyr frå Cisco
- Shell scripting
- Virtualisering
- Brannmur og nettverk
Elles ønsker me:
- Relevant utdanning på universitet- eller høgskulenivå.
Fagbrev innan området og/eller lengre erfaring kan kompensera for utdanningskravet - Forståing for tryggingskrav for endepunkt og i system, nettverk og løysingar
- Kjennskap til ITIL eller andre rammeverk for styring av kvalitet i IT-tenester
- Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgere utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utenlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- Ønske om, og evne til å tileigna seg ny kunnskap, både på eigenhand og gjennom kurs og kompetansetiltak
- God til å planlegga, prioritera og koordinera eige arbeid og innmeldte behov
- Kan kommunisera godt med kollegaer og leverandørar
- Du deler kunnskap og erfaring med andre, og er oppteken av å bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø
- Løysingsorientert og god evne til å få ting gjennomført
Vi tilbyr
- Allsidige og utfordrande arbeidsoppgåver
- Rom for i stor grad å styre arbeidet sjølv, så lenge ein når dei måla som er sett
- Fagleg og personleg utvikling
- 7,5 timers arbeidsdag, inkludert betalt lunsj
- Fleksibel arbeidstid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- Mobiltelefon med fri mobildata
- Lønn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kleppevarden 2, 4351 Kleppe
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-support, Systemarkitekt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Systemforvalter, Skytjeneste forvalter, It
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395225565
- Sist endret