Jurist - førstekonsulent/rådgjevar
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
- Frist 18.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeide med forvaltningsrett?
Om stillinga
Er du jurist og har erfaring frå, eller interesse for, forvaltningsrett? Om du i tillegg kunne tenke deg å arbeide med arbeidsrett, kan dette vere stillinga for deg.
Statsforvaltaren er staten sin represent i fylka, med 10 verksemder over heile landet. Statsforvaltarane utfører forvaltningsoppgåver for departementa, kontrollerer kommunane si verksemd og er klageinstans for kommunale vedtak. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) har det administrative ansvaret for statsforvaltarane. I tillegg samordnar DFD dei departementa og direktorata som gir oppgåver til statsforvaltaren. DFD etatsstyrer også Statsforvaltaren sine fellestenester (STAF), som leverer tenester til statsforvaltarane.
Vi er sju kollegaer som arbeider på statsforvaltarområdet i DFD, og søker deg som vil ha eit særleg ansvar for arbeidet med forvaltningsrettslege spørsmål og saker frå statsforvaltarane, enkeltpersonar og andre departement. Du får i denne stillinga fordjupe deg i behandling av klagesaker. DFD har gode juridiske og tverrfaglege fagmiljø i avdelinga, og i departementet, men du vil hovudsakleg løyse oppgåvene sjølvstendig.
Arbeidsoppgåver
Di rolle vil hovudsakleg vere å arbeide med forvaltningsrettslege oppgåver. DFD har også ein arbeidsgjevarfunksjon for statsforvaltarane og direktør for STAF, og du får også behandle saker på dette området. Arbeidsoppgåvene dine vil innebere:
- Forvaltningsrett: Hovudvekta av arbeidsoppgåvene vil inneberesaksbehandling av klagesaker og innsynsklager på statsforvaltarområdet. Du vil også arbeide med habilitetsvurderingar.
- Arbeidsrett: Du får arbeide med oppgåver som følgjer av departementet sitt arbeidsgjevaransvar for statsforvaltarane. Dette kan vere oppfølging av leiaravtalar og leiarsamtalar, og deltaking i rekrutteringsprosessar av statsforvaltarar.
Andre arbeidsoppgåver på seksjonen eller avdelinga sitt ansvarsområde kan også bli aktuelt.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen
- interesse for forvaltningsrett, og gjerne arbeidsrett
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Vi skriv både på bokmål og nynorsk.
Det er ønskeleg at du har
- erfaring frå klagesaksbehandling
- erfaring med forvaltningsrett og/eller arbeidsrett
- kjennskap til statsforvaltarane
- erfaring frå offentleg verksemd, gjerne frå departement
Personlege eigenskapar
Vi trur at du vil trivast og lukkast i denne stillinga dersom du
- har god evne til å arbeide sjølvstendig
- kan sørgje for god struktur og framdrift i eigne saker
- er fleksibel, hjelper til der det trengst og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er nysgjerrig og interessert i å setje deg inn i nye fagområde
Det vil bli lagd stor vekt på at søkarar er personleg eigna for stillinga.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi tilbyr
- eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin
- ein spennande jobb i eit sterk fagmiljø
- gode utviklingsmoglegheiter
- kontorlokalesentralt i Oslo, med kort veg til offentleg transport
- gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar
Løn: Stilling som førstekonsulent/rådgjevar blir lønna frå kr 580.000-700.000 pr. år. Lønsplassering og tittel vil avhenge av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar, kan høgare løn vurderast. For stillingstittelen rådgjevar må du som hovudregel ha 3 års relevant erfaring.
Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her (https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/autorisasjon/).
Vi er opptekne av
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Informasjon til deg som søkjer
Søknad med CV blir send elektronisk via link på denne sida.
DFD brukar bakgrunnssjekk frå Semac i nokre av rekrutteringsprosessane våre. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke, og inneber blant anna at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i forbindelse med tilsetjinga.
Ver merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjering og få moglegheit til å trekke søknaden.
Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt avdelingsdirektør Arnfrid Arthur på tlf. 93217407 eller e-post Arnfrid.Arthur@dfd.dep.no. For spørsmål om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgjevar i DSS Tale Fredriksen på tlf. 90843773 eller e-post Tale.Fredriksen@dss.dep.no.
Om arbeidsgiveren
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, arbeid med FNs berekraftsmål, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning. Blant dei underliggjande etatane til departementet og verksemder er Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og statsforvaltarane.
Avdeling for forvaltningsutvikling (AFU) har koordineringsansvaret for forvaltningspolitikken og følgjer opp departements ansvar for byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. Vidare har avdelinga det administrative ansvaret for statsforvaltarane, og samordner styringa frå dei departementa og direktorata som gir dei oppgåver. Etatsstyring av Statsbygg og Statsforvaltarens fellestenester inngår i porteføljen. I tillegg har avdelinga budsjettansvaret for apanasjen og er kontaktpunkt for kongehuset.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 59, 0180 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395237008
- Sist endret