
Seniorkonsulent sivil rettspleie
Vest politidistrikt
- Frist 14.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med oppgåver innan sivil rettspleie?
I Vest politidistrikt, for tida ved geografisk driftseining (GDE) Sogn og Fjordane, er det ledig ein til to faste stilling som seniorkonsulent med funksjon som namsfullmektig.
Stillingane vil ha arbeidsoppgåver innanfor sivil rettspleie. Saksfeltet vil for tida hovudsakleg vere sakshandsaming i samband med sikring og realisering av pengekrav ihht. reglane i tvangsfullbyrdelseslova. Oppgåvene innanfor sivil rettspleie er i kontinuerleg utvikling og vi jobbar stadig med å effektivisere drifta gjennom samhandling på tvers. På sikt vil stillinga kunne bli organisatorisk ein del av ein felles Namsfogd i Vest. Dette vil ikkje medføre endring i stadplassering, men vil medføre at stillinga får ein ny leiar.
Vi søker etter deg som er motivert, sjølvstendig og kvalitetsbevisst. Som seniorkonsulent skal du kunne drive sjølvstendig sakshandsaming med høg grad av skjønnsvurdering og med avgjerdsmynde i eigen portefølje. Du vil oppleve ein hektisk kvardag, med varierte oppgåver. Vi treng deg som er strukturert og samstundes taklar å omstille deg raskt i løpet av arbeidsdagen.
Stillingane er primært stadplassert på Nordfjordeid, men andre oppmøtestader kan bli vurdert ut frå søknadsmasse og kvalifikasjonar. Vi veit at mange ynskjer ein fleksibel arbeidskvardag, med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Dersom arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere kan vi legge til rette for noko bruk av heimekontor eller delvis oppmøte på ein annan politistasjon i GDE Sogn og Fjordane. Ein må pårekne ta del i oppgåver innanfor fagfeltet for heile Sogn og Fjordane.
Stad politistasjon flyttar inn i nye lokalar i Statens hus i løpet av våren 2025, som vil bidra til ei positiv utvikling av tenestetilbodet til innbyggjarane og arbeidskvardagen til dei tilsette.
GDE Sogn og Fjordane består av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn politistasjonsdistrikt. Kvart politistasjonsdistrikt servar det lokale publikum med polititenester innan politipatrulje, førebygging,
etterforsking, pass/id og sivil rettspleie for å nemna nokon hovudfelt. GDE-en har og ein eigen etterforskingsseksjon som hendlar etterforskinga av dei mest alvorlege straffesakene i GDEen.
Me samarbeider tett på alle nivå internt i heile GDE-en.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter reglane i tvangsfullbyrdelseslova, mellom
- anna sikring av pengekrav, klagesaksbehandling og endringssaker
- Ta del i oppgåvene til postmottaket ved behov
- Ta del i rotasjonsturnus med telefonvakt og andre vaktgjeremål
- Andre oppgåver innanfor sivil rettspleie
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- 3 års utdanning frå høgskole eller universitet innan juridiske, økonomiske eller samfunnsfag
- Relevant arbeidserfaring blir vektlagt og kan i særkilde høve (minimum 5 år) erstatte kravet til utdanning
- God munnleg og skriftleg famføring
- God regelforståing
- God IT- og systemkompetanse, med eve til å setje seg raskt inn i
nye system - Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskeleg:
- Sakshandsamingserfaring innanfor offentlig sektor er ein fordel
- Gode engelskunnskapar er ein fordel
Personlige egenskaper
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du jobbar godt åleine og i team saman med andre
- Du har evne til å jobbe strukturert i ein hektisk arbeidskvardag
- Du taklar raske omstillingar og endringar i løpet av ein arbeidsdag
- Du har evne til å ta avgjerder i pressa situasjonar
- Du tek initiativ, er lojal og pliktoppfyllande
- Du er mål- og resultatorientert
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese
meir i vår medarbeiderplattform. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som politiet forvalter
- Stillinga blir lønna som seniorkonsulent (stillingskode 1363), frå kr 630.000,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå
https://www.spk.no/ for meir info) - Gode arbeidsvilkår (til dømes fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida, bedriftshelseteneste o.l.)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette."
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Almenningen 1, 6770 Nordfjordeid
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Namsfullmektig, Saksbehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395262765
- Sist endret