Butikkansvarleg
Ullensvang Fruktlager SA
- Frist 12.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Butikkansvarleg Ullensvang Fruktlager
Me søkjer ein butikkansvarleg med delvis ansvarsområde for produksjon og kvalitet ved Ullensvang Fruktlager
Er du klar for ei variert og spennande stilling? Me ser etter ein engasjert og initiativrik person som kan tilsetjast i 100% stilling som butikkansvarleg. Dei fyrste 6 mnd vil hovudsakleg bestå av produksjons- og kvalitetsansvar, med seinare overgang til stillinga som butikkansvarleg. Då den daglege leiaren skal i permisjon og den noverande butikkansvarlege går av med pensjon frå januar 2026, må me omorganisere innanfor organisasjonen ein periode og tilsetja ein ny medarbeidar.
Oppstart: Juni/juli 2025 eller etter nærmare avtale
Om stillinga
Som butikkansvarleg vil du ha ansvar for å:
- Legge til rette for ein positiv og god kundeoppleving
- Utvikle og auke salet i butikken
- Utforske og gjennomføre nye strategiar for sal, innkjøp og vareutval
- Sikre at butikken alltid framstår attraktiv og innbydande
- Ha ansvar for dagleg drift i eit engasjert og positivt arbeidsmiljø
- Styrke våre sosiale media og marknadsføre Hardangerfrukt og andre produkt gjennom ulike tiltak
Stillinga kombinerer ansvarsområda til ein butikkansvarleg med moglegheiter for å delta i logistikkarbeid, truckkøyring og kvalitetskontroll ved mottak av varer ved behov
Som produksjons- og kvalitetsansvarleg vil du ha ansvar for å:
- Leia fruktpakkinga i samarbeid med dagleg leiar
- Leia kvalitets- og dokumentasjonsoppgåver i alle ledd av produksjonen
- Sikre at rutinar for produksjon, HMS og opplæring vert følgde
- Ha jamnleg kontakt med kundar og eigarar
- Bidra til vedlikehald og oppgradering av anlegg
Me tilbyr
- Ein spennande og variert arbeidskvardag
- Store moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Fridom til å utvikle drifta i ulike retningar og til å styre eiga arbeidskvardag
- Eit travelt og dynamisk miljø i sesong, med rolegare periodar utanom sesongen
- Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg interesserte kollegaer
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsbetingelsar
Me ser etter deg som
- Har erfaring med sal og butikkdrift, eller er motivert for å lære
- Har evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
- Er praktisk og teknisk orientert og trivst med ei variert arbeidsdag
- Har førarkort klasse B (gjerne med truckførarbevis – dette kan og takast seinare)
- Er løysingsorientert og likar utfordringar
- Taklar periodar med høgt tempo, men set også pris på rolege periodar
- Har gode IT-kunnskapar og evnar å setje seg raskt inn i nye dataprogram
Arbeidstid
Hovudsakleg dagtid 08:00 – 16:00, med naudsynt fleksibilitet i sesong.
Vil du bli ein del av teamet vårt og setje ditt preg på Ullensvang Fruktlager? Ikkje vent, søk i dag!
Send søknad og CV til maria@ullensvangfruktlager.no
Om arbeidsgiveren
Ullensvang Fruktlager SA vart stifta i 1948 og er eit produsenteigd samvirkeføretak. Dei om lag 80 fruktdyrkarane som er tilknytt fruktlageret, kjem frå gardar med ulik storleik – nokre driv med fruktdyrking som attåtnæring, medan andre dyrkar på heiltid. Gardane ligg spreidd langs fjordsida, frå Brimnes i nord til Espe i sør, og delar av denne strekninga har noko av det mest intensivt planta fruktareala i Noreg. Frukta blir produsert i samsvar med dei mange gjeldande krava, slik at me kan sende ut smakfulle, sunne og friske produkt til marknaden.
Fruktlageret har moderne pakkesalar, avanserte sorteringsmaskiner og store kjølelager. Ved lageret er det 6 heilårstilsette, og i den travlaste pakkeperioda jobbar om lag 35 sesongarbeidarar.
- Sektor: Privat
- Sted: Ullensvangvegen 837, 5781 Lofthus
- Bransje: Butikk og varehandel, Jordbruk og skogbruk
- Stillingsfunksjon: Butikksjef
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
butikkansvarleg, markedsføring, kvalitetskontroll
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395283249
- Sist endret