
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen
- Frist 09.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering - Post 1 og Post 2
- Revmatologisk avdeling, Infusjonspoliklinikken
- Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling - Post 1, Post 3, Avdeling for karkirurgi, Urologisk avdeling post 2
- Medisinsk klinikk, Seksjon for blodsjukdommar - Medisin 5 Nord, Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisinsk Overvakingseining (MOE) – post 6, Medisin 5 vest, Medisinsk undersøking, Seksjon for fordøyelsessjukdommar - Medisin 1 vest, Seksjon for nyresjukdommar - Medisinsk post 2 Dialysen
- Nevroklinikken, Nevrokirurgisk avdeling, Nevrologisk akuttpost, Spinaleininga
- Klinikk for hovud/hals, Øyre-nase-hals poliklinikk, Hode-hals og auge sengepost
- Hudavdelinga, Hud Poliklinikk og dagpost, Hud poliklinikk/Hud og Revmatologisk sengepost
- Lungeavdelinga, Post 1, Post 3
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/Anja Margrethe Jordal, Tlf 55918425
Infusjonspoliklinikken Revmatologisk avdeling har ansvar for oppfølging av pasienter med revmatiske sjukdommar i helseregionen. Ved infusjonseininga ved Revmatologisk avdeling blir det gitt infusjonar mot ulike betennelsesaktige revmatiske sjukdommar og osteoporose. Vi har ledig vikariat, etter endt vikariat vil stillinga vere vidare 100% fast stilling i Revmatologisk avdeling eller ved Bemanningssenteret i føretaket. Kontakt: Kristin Selseng Soltveit, Tlf 92242414
Gastrokirurgisk avdeling, post 1 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. Kontakt: May-Britt Sudmann, Tlf. 90784700/ Anette Haatuft Haugland, Tlf. 55973408
Gastrokirurgisk avdeling, post 3 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 20 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar iheile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du godpå pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar fårdu utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus påfagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. Kontakt: Marius Andreassen Tlf. 55973508
Avdeling for karkirurgi er ein kirurgisk sengepost med pasientar frå to fagfelt, plastikkirurgi og karkirurgi. Sengeposten avlastar også Brannskadeavdelinga, det er ein kompleks avdeling med stort spenn i diagnosar, pasientgrupper og sjukepleieprosedyrar. Arbeidsmiljøet er godt og vi legg til rette for fagleg utvikling for våre medarbeidarar. Vi har 3 delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Mogleg for langvakt med arbeid mellom 12-16 helgar per år. Kontakt: Siri Erstad, Tlf 91752555
Urologisk avdeling post 2 er ein sengepost med pasientar frå både urologi og endokrin-kirurgiske fagfelt. Våre pasientar er hovudsakleg kreftpasientar. Vi behandlar også benigne diagnosar som treng kirurgisk behandling i tillegg til akutte innleggingar. Hos oss vil du jobbe i eit godt arbeidsmiljø med pre- og postoperative forløp. Smertelindring, palliasjon og heilskapleg sjukepleie er også ein stor del av vår kvardag. Kontakt: Jorunn Bjørnsdottir Tlf 55970011
Medisin 5 Nord behandlar pasientar med mistanke om, eller påviste blodsjukdommar. Vi har ein fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon og regional funksjon for autolog stamcelletransplantasjon. Hovuddiagnosar er leukemi-og myelomatose pasientar, samt andre hematologiske lidingar. Seksjonen skal utvide transplantasjonsverksemda og skal flytte til nye lokale i Marie Joys hus mars 2025. Kontakt: Ina K. Endregaard Tlf 99498863
Kvalifikasjonar (overskrift)
Medisinsk Overvakingseining (MOE) – post 6 ein av to infeksjonspostar på sjukehuset og er akuttpost der vi behandlar mellom anna inntil 10 pasientar med alvorlege medisinske tilstandar som blodforgifting, hjernehinnebetennelse, respirasjons- og sirkulasjonsforstyrringar. Vi behandlar også ulike infeksjonar som diaré, sår, tropesjukdommar, immunsvikt, influensa og infeksjon på hjarteklaffar. Kontakt: Hilde M. Dale, Tlf. 90500928
Medisin 5 vest behandlar primært infeksjonssjukdommar. Dei vanlegaste diagnosane er: pneumoni, UVI, erysipelas, endokarditt, sårinfeksjonar, importsjukdommar og tuberkulose. Pasientar med smittsam lungetuberkulose blir isolert på eit av postens to undertrykksisolat. Posten har også kritisk sjuke pasientar med sepsis som har behov for overvaking. I tillegg har posten ein del pasientar med generelle indremedisinske sjukdommar. Kontakt: Hege Cecilie Sørby, Tlf. 55973703/ 98662422
Medisinsk undersøking er spesialisert i utgreiing og behandling av pasientar med gastroenterologiske sjukdommar og plager. Vårt fagområde er endoskopisk- og ultralydbasert utgreiing og behandling av gastroenterologiske sjukdommar og plager. Dagleg utfører vi opp mot 40-50 undersøkingar. Vi har eit vaktteam for akutte tilstandar som bløding i mage- og tarm, fjerning av framandlekam og andre hastesaker. Avdelinga vår har eit observasjonsrom og ni undersøkingsrom, der vi følgjer eit strukturert dagsprogram for både inneliggande og polikliniske pasientar. Kontakt: Roy Cato Solheim, Tlf. 55972137
Medisin 1 vest er ein sengepost der vi greier ut og behandlar pasientar med sjukdommar i fordøyelsessystemet, inkludert sjukdommar i spiserøyr, magesekk, tynn- og tjukktarm, samt lever, galle og bukspyttkjertel. Vi tar imot både øyeblikkelig hjelp og elektive pasientar, og har eit variert og fagleg utfordrande arbeid, med varierande pleietyngde. Sengeposten har 16 sengeplassar på kvardagar og 13 plassar i helgane, inkludert to overvakingssenger. Kontakt: Merete Favang, Tlf. 55973608
Medisinsk post 2 Dialysen er ei dageining med 22 behandlingsplassar, samt 10 plassar på Straume og 9 i Knarvik. Kvardagar har vi åpent på dag- og kveldstid, samt dagtid lørdag og søndag. Vi gir hemodialyse til pasientar med kronisk nyresvikt, i tillegg utfører vi akuttdialyse i overvåkingsposter på sjukehuset. Som sjukepleiar hjå oss vil du vere ein del av eit team kor samarbeid og fagleg utvikling står i fokus. Du bidrar til å utføre dialysebehandling, overvåke og følgje opp ulike oppgåver. Kontakt: Audhild Hannisdal Jørstad, Tlf 55973622
Nevrokirurgisk avdeling har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg, både for vaksne og barn. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 16 senger på sengepost og 9 senger på vår overvakingseining (NOVA). Sjukepleiarar på avdelinga blir venta, etter opplæring, å kunne jobbe både på NOVA og ute i avdelinga i ei rotasjonsordning. Kontakt: Malene Alsaker, Tlf. 45458204
Nevrologisk akuttpost greier ut og behandlar sjukdom i nervesystemet. Vi er ein døgnpost med 30 senger, inkludert overvaking av hjerneslag og epilepsi. Hos oss treff pasientane eit kvalifisert team med tverrfagleg tilnærming. Vi kan tilby deg spennande, utfordrande, interessante og lærerike arbeidsdagar. Kontakt: Laila Kvalvåg, Tlf 55975041
Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Kontakt: Hege Storlid, Tlf. 93051019
Øyre-nase-hals poliklinikk har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. Vi behandlar både elektive og ØH pasientar. Utgreiing, behandling og kontroll av pasientar blir utført både i team med andre yrkesgrupper, og ved sjølvstendige sjukepleie-konsultasjonar. Søkarar må kunne jobbe i team, kunne snu seg raskt, takla ein travel kvardag og sjå framover. Vil vil legge vekt på at søkar har personlege eigenskapar som passar for stillinga. Søkarar må ha erfaring frå øyre-nase-hals og operasjonsplanlgging. Kontakt: Marius Pallesen, Tlf. 55970934
Hovud-hals og auge sengepost har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar i 3 delt turnus. Posten har 27 senger og pasientar over 18 år. Det er ein spennande kirurgisk avdeling med stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, med hovudansvar for tracheostomipasientar på sjukehuset. Hos oss får du god erfaring innan fagfelta hovud-hals, øyre, nase, biholer, kjeve og auge med god variasjon av arbeidsoppgåver. Vi har eit godt arbeidsmiljø og teamsamarbeid i avdelinga. Kontakt: Kjersti Walde Tlf 55973509
Hud poliklinikk og dagpost har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Hovudoppgåvene er å diagnostisere og behandle hudsjukdommar og seksuelt overførte infeksjonar. Dei vanlegaste hudsjukdommane er psoriasis, eksem, allergiske sjukdommar, blemmesjukdommar, hudkreft og kroniske sår. Arbeidsoppgåver er behandling, førebygging og opplæring. Poliklinikk inkluderar dagpost og poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar. Kontakt: Trude Gildestad Tlf 55974037
Hud poliklinikk/Hud og Revmatologisk sengepost har ledig kombinasjonsstilling i vikariat som sjukepleiar med delt arbeidsstadmellom poliklinikk og sengepost. I utgangspunktet er stillinga 85% på hudpoliklinikk og 15% på hud og revmatologisk sengepost, men delingsprosent kanbli noko endra. Arbeid ca. kvar 4. helg på sengepost. Kontakt: Trude Gildestad, Tlf 95779130 eller Nina Alsaker Bergsvik Tlf 55973944.
Lunge post 1 er mellom dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin. Vi har kombinert funksjon med sengepost og respiratorisk overvaking (ROE). Av totalt 16 senger er inntil 8 tiltenkt pasientar som treng respiratorisk overvaking og pustehjelp (BiPAP/heimerespirator). Hovudgruppa av pasientar er kols, respirasjonssvikt, lungebetennelse.
Kontakt: Lillian Hopland Tlf. 55973552
Lunge post 3 er ein sengepost med 22 sengeplassar. Avdelinga greier ut og behandlar i hovudsak pasientar med lungekreft, lungeinfeksjonar, KOLS og pasientar med cystisk fibrose. I tillegg har avdelinga eige luftsmitteisolat til pasientar med tuberkulose. Hos oss vil du få ein bratt læringskurve i trygge oomgjevnader og vi kan tilby eit spennande fagfelt. Vi har 3-delt turnus med kvar 3. helg i årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus. Kontakt: Sandra Strømmen Hansen Tlf 55973533.
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vil få dette ila vår/sommar 25
- Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
- Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr deg:
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 28
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, sjukepleiar, Haukeland sykehus, somatiske avdelinger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395393327
- Sist endret