Seniorrådgjevar/ rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 20.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Seniorrådgjevar/rådgjevar - Forvaltning Vestland
Vegforvaltning Vestland tek vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar.
Dette inneber varierte oppgåver som; handsaming av søknadar knytt til dispensasjonar frå byggjegrenser,avkøyrsler, graveløyve og skilt- og oppmerkingsplanar. Vi utførar også vegfaglege vurderingar avarealplanar med særleg fokus på trafikktryggleik og framkomst for alle trafikantar.
Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er åtilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov fortransport og fremje regional utvikling. Vi har no ledig stilling hos Vegforvaltning Vestland og søkjeretter ein seniorrådgjevar med kompetanse innan areal- og vegforvaltningssaker, som kan blimed på laget saman med andre samfunnsengasjerte og inkluderande medarbeidarar. Vegforvaltning Vestland har tilsette lokalisert i Førde, Leikanger, Voss og Odda. Denne stillinga vil ha kontorstad i Førde eller Leikanger.
Arbeidsoppgåver som er aktuelle for stillinga er handsaming og uttalar til arealplanar samt handsaming av søknadar etter Veglova td, søknadar om avkøyrsler og byggegrensedispenasjonar. Du vil få ansvar for dine kommunar og følge dei tett opp. Samarbeid på tvers er svært viktig for oss og det vil vere aktuelt å delta i prosjektgrupper og andre samarbeid saman med dei andre avdelingane hos oss. På seksjonen er det og behov for ein fagkoordinator på plan og forvaltning. Dette er ei oppgåve som vil vere aktuell for denne stillinga. Du vil då jobbe tett saman med leiar og to andre fagkoordinatorar og ha fagleg ansvar for nordre delar av fylket innan ditt fagområde, samt andre oppgåver knytt til strategisk og operasjonell drift av seksjonen.
Arbeidsoppgåver
- Fagkoordinatoroppgåver som å bistå medarbeidarar fagleg, avlaste leiar samt delta i strategisk arbeid for seksjonen
- Handsaming av søknader om avkøyrsler og dispensasjonar frå byggegrenser etter veglova.
- Uttale til arealplanar og dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova.
- Fagleg medverknad i ulike utgreiingar og prosjektgrupper.
- Rettleiing og samverknad med offentlege etatar, konsulentar og private aktørar.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på masternivå.
- Bachelorgrad og dokumentert relevant erfaring kan eventuelt kompensere for manglande formell utdanning
- Kunnskap og erfaring om areal- og vegplanlegging og/eller handsaming av saker etter veglova, samtkjennskap til forvaltnings- og plan-og bygningslova.
- Relevant praksis innan arbeidsområdet.
- Det er ønskjeleg med førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig.
- Høg arbeidskapasitet og likar varierte oppgåver.
- Løysningsorientert - og kan bygge tillit.
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
- Engasjerande og sterkt fagmiljø.
- Fagsamlingar og sosiale arrangement.
- Fleksibel arbeidstid og sommartid.
- Mogelegheit med heimekontor.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Løn etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Bransje: Annet
- Stillingsfunksjon: Annet, Arealplanlegger
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
infrastruktur, vegforvaltning, veiforvaltning, vei, veg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395431444
- Sist endret