Avdelingsleiar nevrologisk avdeling
Helse Fonna HF
- Frist 21.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar Nevrologisk avdeling
Vil du leie ei avdeling i utvikling og vere med på å forme våre nevrologiske helsetenester?
Vi har ledig stilling som avdelingsleiar ved Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus. Avdelinga består av sengepost, dagbehandling og poliklinikk med nevrofysiologisk lab, og utgjer til saman omlag 50 årsverk. Personalet er samansett av legar, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, logoped, helsesekretærar og anna støttepersonell. Stillinga inneber heilskapleg resultatansvar på nivå 3, for fag og kvalitet, drift, personell, økonomi og samarbeid.
Avdelinga har ansvar for det nevrologiske tilbodet i heile Helse Fonna. Det er eit utstrakt samarbeid med andre avdelingar i føretaket, spesielt tett samarbeid med nevropsykologisk eining. Avdelinga har også ansvar for legetilbodet innan vaksenhabilitering.
Avdelingsleiar rapporterer til klinikkdirektør og inngår i leiargruppa i klinikk for medisin.
Helse Fonna er godt i gang med utbygging av Haugesund sjukehus, og nevrologisk avdeling skal flytte inn i flotte nye lokale i fra 2027. Det nevrologiske faget er i stor utvikling, og ein står føre store endringar i behandlingsmoglegheiter. Avdelinga deltar i fleire forskningsprosjekt og har erfarne støtteressursar til ulik forskningsaktivitet.
Vi ønskjer ein leiar som kan bidra til å vidareutvikle avdelinga i tråd med denne utviklinga og de pågåande endringsprosessar. Vi søkjer difor ein initiativrik leiar som stimulerer til fagutvikling og forskning, og som evner å bygge gode relasjonar og samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser. Du må ha evne til å skape entusiasme som bidrar til å vidareutvikle ein forbetringskultur som motiverer til kontinuerlig og systematisk kvalitetsforbetring, nytenking, endring og omstilling.
Ønskjer du ei leiande rolle i eit fagmiljø der du kan bidra til å forme framtida for nevrologiske helsetenester i regionen? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Avdelingsleiar skal sikre at drift av fagområda er i tråd med lov og forskrift, styrande dokument og fagleg god praksis.
- Oppgåvene består av oppfølging av personell, drift, fag, kvalitet, økonomi og internkontroll. I tillegg til dette kontinuerleg arbeid med strategisk fornying og utvikling.
- Avdelinga har to funksjonsleiarar som rapporterer til avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring og/eller utdanning. Ved manglande formalkompetanse innan leiing, forventast det vilje til å ta leiarutdanning.
- Kunnskap om nevrologifaget
- Relevant helsefagleg utdanning på minimum bachelornivå med norsk autorisasjon
- Erfaring frå samarbeid på tvers og god organisasjonsforståing
- Erfaring med økonomistyring
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
- Ønskjeleg med erfaring i samband med leiing av endringsprosessar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:- blir motivert av utfordringar, og av å finne løysingar i samarbeid med andre
- er open, ærleg, transparent og både fagleg og personleg tillitvekkande og trygg
- har ei strategisk tilnærming med utprega evne til å sjå og tenkje heilskapleg
- har gjennomføringsevne, og er resultat- og løysningsorientert
- er dyktig til å byggje og ivareta relasjonar, har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og er ein teambygger
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- lønn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i utvikling
- ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- ei leiarstilling med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit fagmiljø med høg kompetanse og tverrfagleg samarbeid
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
leder, avdelingsleder, helse, nevrologi, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395515316
- Sist endret