
Intensivsjukepleiar/sjukepleiar
Helse Bergen HF
- Frist 13.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagsjukepleiar Intensivsjukepleiar/sjukepleiar
Postoperativ Glasblokkene er ein del av kirurgisk serviceklinikk (KSK), som er ein av dei større klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus. KSK har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smerte behandling og palliasjon. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet. KSK er delt i sju avdelingar, der ei av avdelingane er Intensive- og postoperativ avdeling (IPA) med fire seksjonar. Kvar seksjon er leia av ein seksjonsleiar med personal- og resultatansvar.
Postoperativ Glasblokkene er ein ny seksjon starta i november 2023. Vi er ein seksjon med fag- og overvakings kompetanse innanfor gynekologi, obstetrikk, barnekirurgi, endokrinologi og augeoperasjonar. Vi er lokalisert over 2 etasjar i Glasblokkene. Ein etasje, U2, med hovudsakleg vaksne. Og i april 2024 kom ein stor andel av barnekirurgi over til Glasblokkene, og vi har etablert postoperativ oppvakning for barn i ein etasje, U1. I tillegg har vi ein satellitt med driftsansvar for postoperativ overvaking i augebygget. Det er etablert Kirurgisk Mottak i avdelinga, der vi tar i mot dei fleste vaksne pasientane som skal til heildøgns kirurgi, samt dagkirurgiske pasientforløp.
Vi søker no etter fag-/intensivsjukepleiar med relevant erfaring. Vil du vere med på å fortsette det gode arbeidet med faget vårt, i nye og fine lokale? Vi ser etter deg som deler vår interesse for kvinnehelse og barn, og som ønsker å bidra til vidare vekst og suksess. Vi tilbyr ein stimulerande arbeidskvardag, gode utviklingsmoglegheiter og ein positiv arbeidskultur.
Les meir om kirurgisk serviceklinikk her
Les meir om Intensiv- og postoperativ avdeling her
Les meir om postoperativ Glasblokkene her
Arbeidsoppgåver
Dette er ein kombinasjonsstilling med hovudfokus på fagleg oppfølging i U2, der ein jobbar som fagsjukepleiar i 50% på dagtid og i drift 50% tredelt turnus. Dette inneber spennande og varierte arbeidsoppgåver og gir god anledning for vidareutvikling av intensivsjukepleiefaget ved å arbeide kunnskapsbasert. Seksjonen legg vekt på høg fagleg standard. Fagsjukepleiar har ei sentral rolle i opplæring og sertifiseringsarbeid av personalet ved seksjonen. Det vil vera eit tett samarbeid med øvrig fagsjukepleiar ved seksjonen, fagutviklingssjukepleiar i Kirurgisk serviceklinikk (KSK), og leiinga på seksjonsnivå.
Fagsjukelpeiar
- Erfaring frå intensiv/postoperativ sjukepleie
- Som fagsjukepleiar vil du ha varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Du vil både jobbe klinisk med pasientane, og også utføre fagretta arbeid som opplæring av personalet, undervisning og prosedyrearbeid
- Utarbeiding og vedlikehald av seksjonens prosedyrar og system for sertifisering
- Organisering av undervisning og fagdagar
- Opplæring i elektromedisinsk utstyr
- Utprøving av diverse utstyr
Intensivsjukepleiar
På postoperativ Glasblokkene i U2 overvakar vi pasientar etter endokrinologisk, obstetrisk og gynekologiskkirurgi. Vi tar og imot pasientar frå Kvinneklinikken som har behov for overvaking. Vi følger mange pasientar gjennom det pre- og postoperative forløpet. I april 2024 utvida vi drifta til U1, og postoperativ overvaking etter barnekirurgi. Me må halde fram å utvikla vår kompetanse og drift på tvers av etasjane, og at det er ein forventning om at ein skal kunne jobbe på tvers av seksjonen.
- Ansvar for overvaking, pre- og postoperativ sjukepleie til pasientar
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
- Gje god omsorg for pasient og pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og vidareutdanning innan intensivsjukepleie
- Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel
- Minimum 2 år relevant klinisk praksis som intensivsjukepleiar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt
- Kunnskapsbasert utdanning og mastergrad kan vere ein fordel
- Ved tilbod om stilling må du legge fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og likar å jobbe i tverrfaglege team
- Du er tilpassingsdyktig, har god organisasjonsforståing og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du har evne til å arbeide målretta, og få oppgåvene gjort
- Du likar å undervise enkeltvis og i grupper
- Du beheld roen og evnar å prioritere i stressande situasjonar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass der ein ser og oppmuntrar kvarandre, med engasjerte, stolte og fleksible medarbeidarar
- Å arbeide saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet
- Eit variert pasientgrunnlag og god breiddekunnskap
- Å legge til rette for gode opplæringsvilkår for nytilsette og fagleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi treng deg, du er viktig for oss!
i oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Intensiv, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagsjukepleiar, Sjukepleiar, Intensivsjukepleiar, Glasblokkene, Postoperativ
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395556430
- Sist endret