Er du vår nye fullstack-utviklar?
Sogn og Fjordane Energi
- Frist 2025-03-28
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og digitalisere fornybarsamfunnet?
Noreg – og verda – treng meir fornybar energi for å nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) produserer vi straum frå naturkreftene og utviklar nye, berekraftige energiprosjekt. Teknologi og digitalisering blir ein stadig viktigare del av dette arbeidet, og vi har bygd ein sterk digital plattform for krafthandel og overvaking av kraftverk.
No ønskjer vi å styrke utviklarteamet vårt – og kanskje er det deg vi ser etter?
Om stillinga
Som utviklar i SFE blir du ein del av eit dyktig teknologimiljø der vi lagar digitale løysingar som gjer kvardagen enklare for kollegaene våre. Teamet vårt jobbar tett med både driftsingeniørane som overvaker kraftverka våre, og handelsavdelinga som treng presise digitale verktøy for kraftforvalting og analyse.
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
- Utvikling av webapplikasjonar – både frontend og backend
- Datamodellering og arkitektur – skape robuste og skalerbare løysingar
- Integrasjon og automatisering – knyte saman system for ei sømlaus brukaroppleving
Hos oss vil du jobbe i eit team med erfarne utviklarar og data scientists som brenn for teknologi. Vi legg stor vekt på læring, samarbeid og å utforske nye løysingar saman.
Kven er du?
Vi ser etter ein nysgjerrig og engasjert utviklar som likar å skape løysingar. Du treng ikkje nødvendigvis ha formell utdanning – relevant erfaring kan vere like verdifull. Vi trur du har jobba med nokre av desse teknologiane:
- TypeScript og moderne frontend-rammeverk som React eller Angular
- Backend-utvikling i .NET (C#)
- Erfaring med SQL, databasar og skytjenester (Azure eller AWS er eit pluss)
Er du ein person som likar å eksperimentere, forstå heilskapen og lage smarte løysingar? Då kan du passe godt inn hos oss!
Vi er 111 tilsette i SFE Produksjon, og jobbar ved ulike lokasjonar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Hovudkontoret vårt er på Sandane, der også teamet Digitalisering & IKT befinner seg. Vi er operatør for 32 vasskraftverk og eitt vindkraftverk, med ein samla produksjon på 2,4 TWh. Selskapet er i ei positiv utvikling, og har fleire nye spennande utbyggingsprosjekt på gang som vil bidra til det grøne skiftet. Vi har stort fokus på systemutvikling og digitalisering for vår kraftproduksjon.
Grunnen til å velje oss!
Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag saman med eit engasjert team som er viktig for verdiskapinga til selskapet. Moderne kraftproduksjon er høgteknologisk, og vi er stolte av å vere eit framtidsretta selskap som arbeider kontinuerleg mot å innfri vårt samfunnsoppdrag - å skape den fornybare framtida.
Som ein del av SFE vil du oppleve å jobbe i eit selskap som et stor pris på sine tilsette. Dette vart tydeleg stadfesta gjennom vår siste medarbeidarundersøking, der trivsel og fellesskap vart løfta fram som nokre av våre største styrker. Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre og tilbyr attraktive ordningar. Verdiane våre – Stolt, Frisk, Ekte – er med oss i alt vi gjer, og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Før tilsetting av den rette kandidaten hos oss, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Vi vurderer innkomne søknader fortløpande.
Kontaktperson: Avdelingssjef Digitalisering & IKT, Øystein Kristiansen, mob. 994 31 322
- Sektor: Privat
- Sted: 6823 Sandane
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Utvikler (generell)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395563793
- Sist endret