Sjåfør
Nordfjord Miljøverk IKS
- Frist 16.3.2025
- Ansettelsesform Fast
CE Sjåfør vogntog
Ein av våre dyktige sjåførar går over i ei ny stilling internt.
Vi søkjer derfor etter ny sjåfør – er det du?
Litt om oss
NoMil skal vere ein hyggjeleg plass å arbeide, med sterk fokus på arbeidsmiljøet og at våre tilsette skal ha ein trygg arbeidsplass. Vi har sterk fokus på HMS og ynskjer at du bidreg til at vi når våre mål. Vårt ynskje er å ha trygge sjåførar som køyrer skadefritt, og du må like å ta vare på bil og utstyr.
Det er viktig å ta vare på miljøet, på våre kundar, og ikkje minst andre trafikantar som ferdast på både tronge og krunglete vegar.
SJÅFØR VOGNTOG
NoMil søkjer etter ny vogntogsjåfør i 100% fast stilling med oppmøtestad på hovudanlegget i Eidsmona på Sandane. Arbeidsoppgåvene er containertransport med krokbil til innhenting av avfall frå gjenbruksstasjonane i Nordfjord og Sunnfjord samt levering av avfall til våre samarbeidspartnarar.
For stillinga er det eit krav om at du har:
· førarkort klasse CE og YSK
· ADR bevis vert vektlagt
· god helse og fysikk
· snakkar og forstår norsk tilsvarande nivå B2
· normale digitale ferdigheitar
· maskinførarbevis er ynskjeleg
· fagbrev innan transportfag vert vektlagt
Personlege eigenskapar
Du bør ha en positiv innstilling, og vere ein engasjert og god kollega med godt humør.
Det er viktig å vere strukturert og nøyaktig, ha god arbeidsmoral, til å stole på, og lojal mot selskapet og våre abonnentar.
Vi tilbyr
· ein attraktiv arbeidsplass med gode kollegaer
· konkurransedyktige lønsvilkår med tillegg for fagbrev
· gode pensjons- og AFP ordning gjennom KLP som og tilbyr gunstige private lån og forsikringar
Nomil er oppteken av å ha gode og ryddige forhold på arbeidsplassen, og gje god opplæring og personleg utvikling til våre tilsette.
Om arbeidsgiveren
Nordfjord Miljøverk - NoMil - er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfalls-handtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane med avdelingar på Nordfjordeid og i Florø
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Eidsmona 36, 6823 Sandane
- Bransje: Miljøtjenester, Renovasjon og renhold, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sjåfør, vogntogsjåfør, klasse ce, adr bevis, arbeidsmoral
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395648670
- Sist endret