Rådgjevar/seniorrådgjevar - landbruk
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 16.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeide med landbruksforvaltning i Vestland?
Om stillinga
Vestland har store areal og ressursar i utmarka, og bruken av denne er i endring. Vi treng meir kunnskap om kva som er berekraftig bruk, både med tanke på forvaltning av støtteordningar, arealforvaltning og tradisjonell matproduksjon. Statsforvaltaren skal gjennomføre og samordne den nasjonale politikken på fylkesnivå. Det gjer vi ved hjelp av informasjon, tilskots- og regelforvaltning og kontroll. Vi har til saman seks fagavdelingar med mange ulike oppgåver. Landbruksavdelinga vert leia frå Førde og har kring 30 tilsette, hovudsakleg i Førde og i Bergen.
Vi skal vere eit rådgjevande kompetansesenter for kommunane og næringa. Saman med fylkeskommunen, Innovasjon Noreg og landbruksnæringa bidreg vi til å sikre matproduksjonen og auke verdiskapinga i landbruket.
Kontorstad for denne stillinga er Førde.
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett samarbeider med kollegaer om arbeidsoppgåver, og får også utvikle seg innan andre tilgrensande fagområde. Arbeidsoppgåvene er forvaltning, rådgjeving og informasjon til kommunane og landbruksnæringa innan
- kunnskap om ressursane og berekraftig bruk i utmarka
- beitebruk på inn- og utmark, til dømes om beitebruksplanar
- verdien av jakt og fiske i utmarka
- andre relevante forvaltingsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning innan landbruk, natur og biologi, helst på masternivå. Lang relevant arbeidserfaring kan delvis erstatte formell utdanning.
- Det er ein fordel med kunnskap eller erfaring med beitebruk og andre utmarksressursar.
- Digital kompetanse.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, på nynorsk.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg.
- Gode evner til formidling og samarbeid.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv (https://www.regjeringen.no/no/tema/arbeidsliv/arbeidsmiljo-og-sikkerhet/inkluderende_arbeidsliv/id947/).
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 500 000-660 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2024/KAPITTEL_2-1-8).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hafstadgården, Fjellvegen 11, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arealplanlegger, Biolog, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395710306
- Sist endret