Sivilforsvarsinspektør
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
- Frist 16.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Sivilforsvarsinspektør - stedfortreder for distriktssjef
Sivilforsvaret har ledig ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende ved Vest-Agder Sivilforsvarsdistrikt (VASFD). Vi ser etter deg som har erfaring frå samfunnstryggleik- og beredskapsarbeid, og som har interesse for å vere med på å vidareutvikle vår evne til å verne sivilbefolkninga i heile krisespekteret.
Dine hovudarbeidsoppgåver er å vere fast stadfortredar for distriktssjefen og inneha rolla som stabssjef når stab vert sett ved større beredskapshendingar. Du vil òg vere sentral i arbeidet med å vidareutvikle distriktet sine samla kapasitetar. I tillegg vert det forventa at du jobbar tett opp mot øvrige samvirkeaktørar og legg til rette for god samhandling. Som stadfortredar møter du ofte i fylkesberedskapsråd, lokal redningssentral (LRS) og i andre fora der beredskap er tema.
Sivilforsvaret er ein spennande etat i utvikling. Denne stillinga inneber gode moglegheiter for eigenutvikling og til å vere med på å forme innhaldet.
Du skal:
- vere fast stadfortredar for distriktssjefen og stabssjef i VASFD når stab vert sett ved større beredskapshendingar
- ha ansvar for utarbeiding og revisjon av tryggleiksdokument, ROS-analyser, beredskapsanalyser, tiltakskort og planverk
- bidra til vidareutvikling av distriktet sine samla kapasitetar
- samhandle og samvirke med regionale samvirkeaktørar i heile krisespekteret
- utføre generell saksbehandling og administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant bachelorgrad. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til bachelorgrad. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- erfaring frå samfunnstryggleik- og beredskapsarbeid
- god operativ og strategisk beredskapsforståing
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- førarkort minimum klasse B
- følgjande personlege eigenskapar:
- sjølvstendig
- tillitsskapande
- lagspelar
- løysingsorientert
- god gjennomføringsevne
Vi ynskjer at du har:
- erfaring frå eitt eller fleire av Sivilforsvaret sine ansvarsområde
- kunnskap om totalforsvaret og samfunnstryggleiksarbeid
- erfaring frå analyse og utgreiingsarbeid
- erfaring med saksbehandling
- relevant operativ leiarerfaring
- førarkort klasse BE, C1E, D1E
Vilkår
Fast stilling som sivilforsvarsinspektør (kode 0332) med årsløn frå kr 667 700 - 720 100. I tillegg til årsløn kjem kompensasjon for vakt og øving.
Tryggleiksklarering:
Den som får tilbod om stillinga, må vere klarert til nivå HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret, distriktet og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og vert leia av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskap fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, som kvar vert leia av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga, som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat. I tillegg er det ein krigsreserve med ytterlegare tenestepliktige.
Sivilforsvaret sitt hovudoppdrag er å verne befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har myndigheitsansvar for ei rekkje sivile vernetiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørgje for god beredskap i heile landet og bistå som forsterkingsressurs når naudetatane og andre myndigheiter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar beståande av tenestepliktige mannskap og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 220 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som vert kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg òg internasjonalt med ulike kapasitetar på vegner av DSB, og overtok i 2024 ansvaret for logistikkverksemd ved donasjon av materiell.
Vest-Agder sivilforsvarsdistrikt dekkjer 10 kommunar. Distriktet har 9 operative avdelingar og 3 Radiac-lag som har ansvar for detektering og handtering av radiologisk forureining. Distriktskontoret ligg i dag i politihuset i Kristiansand. Distriktet har pr i dag fem tilsette, og i overkant av 200 tenestepliktige. Vi er operativt og administrativt ansvarlege for Sivilforsvaret i Vest-Agder. Distriktet skal gjennom opplæring, årlege øvingar og materielltilsyn sørgje for at tenestepliktige ved avdelingane er i stand til å fylle rollene sine. Bruk av ressursane til distriktet vert koordinert gjennom distriktskontoret, som òg har ei døgnkontinuerleg beredskapsvaktordning.
Som sivilforsvarsinspektør inngår du som ein del av leiinga ved distriktet. Du må kunne bidra på tvers av dei ulike fagområda, vere fleksibel og sjølvstendig. Som distriktssjefen sin stadfortredar vil du vere ein viktig bidragsytar i nettverksbygging utanfor etaten. Du må kunne delta i ulike beredskapsråd og fora.
Noko reiseverksemd må påreknast i periodar. Ved beredskapshendingar og ved gjennomføring av øvingar må utvida arbeidstid påreknast. Du vil òg inngå som ein del av beredskapsvaktordninga ved distriktet.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Distriktssjef Holger Hillesland: e-post holger.hillesland@dsb.no, telefon 38 03 80 01
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!
Om arbeidsgiveren
For mer informasjon om DSB, se www.dsb.no
Nøkkelord
stedfortreder, stabssjef, planverk, samvirke, beredskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395714688
- Sist endret