
Arrestforvarer
Vest politidistrikt
- Frist 16.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe som arrestforvarer?
Ønsker du å bli vår nye kollega?
Har du gode kommunikasjonsevner og klarer å behalda roa i stressa situasjonar? Er du reflektert, omsorgsfull og liker ein utfordrande kvardag? Då kan arresten vera ein spennande stad for deg. Vest politidistrikt, Felles eining for operativ teneste, har for tida ledig eit antall faste stillingar som arrestforvarer (stillingskode 1531)ved Seksjon for arrest og framstilling.
Seksjon for arrest og framstilling har i dag 23 tilsette derav 21 arrestforvarere/ leiande arrestforvarere, ein opplæringsansvarleg og seksjonsleiar. Tenesta er allsidig og det blir stilt krav til faglege kvalifikasjonar, personleg egnethet og fysisk skikkethet. Stillinga som arrestforvarer er i utgangspunktet ein dagstilling men ein må pårekne turnusarbeid. Hovudansvaret til arrestseksjonen er å sikra at praktisering av regelverket om innsettelse av personar i arresten skjer på ein einsarta og god måte. Vidare skal me sjå til at retten til dei innsette til helse, rettstryggleik, personvern, menneskerettar og menneskeverd blir teken vare på på ein god måte. Tenesta er til for å ta vare på tryggleiken til dei innsette medan dei ventar på rettsleg oppfølging eller varetektsfengsling.
Vi tror på styrken ved mangfald og oppfordrar personer med ulik kulturell bakgrunn til å søkje, slik at vi kan fortsette å byggje ein inkluderande og representativ organisasjon.
Stillingane er stadsplassert i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Ta vare på tryggleik, helse og rettar til dei innsette i politiarresten
- Arbeidsoppgåver knytte til arrestforvaringa av innbrakte og pågrepne, herunder utstrekt bruk av politioperative system
- Visitera, forpleia og føra tilsyn med personar som er pågripne/innbrakte til arresten
- Signaleringsoppgåver (signalementsrapport, fotografi og fingeravtrykk) og sikre DNA-referanseprøve frå pågrepne
- Transportere, framstille og forflytte pågrepne og varetektsfengsla m.m.
- Andre arbeidsoppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- 3-årig vidaregåande skule eller fagbrev innan relevant område
- Relevant arbeidserfaring
- Førerkort klasse B og D1 (minibuss). Dersom ein ikkje innehar D1 forpliktar ein seg til å skaffa dette for eigen kostnad innan eit år etter tilsetting
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk
- God munnleg framstilling på engelsk
- God fysisk og psykisk helse
- God digital kompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskeleg:
- Arbeidserfaring frå arrestteneste blir vektlagt
- Relevant erfaring frå kriminalomsorgen, helsesektoren eller lignande er ein fordel
- Minimum to års relevant yrkeserfaring er ein fordel
- Kunnskap om andre kulturar er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Særleg gode samarbeid- og kommunikasjonsevner, i tidvis hektiske omgivnader
- Tolmodig og med evne til å setja grenser
- Stor arbeidskapasitet, nøyaktig og fleksibel
- God etisk forståing av rolla du innehar, og dessutan at du opptrer profesjonelt og respektfullt ovanfor innsette, tilsette og samarbeidspartnarar
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Stillinga som arrestforvarer (stillingskode 1531) vert lønna frå
- kr 450 000,- for arrestforvarer u/ førerkort klasse D1
- kr 465 000,- for arrestforvarer m/førerkort klasse D1
- kr 450 000,- for arrestforvarer u/ førerkort klasse D1
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no/ for meir info)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, språk, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr.25/47838
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Bransje: Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Politi, Sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
arrestforvarer, arrest, arresttjeneste
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395723192
- Sist endret