
Kokk med fagbrev søkes til å skape gode matopplevingar
Helse Bergen HF
- Frist 23.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker engasjert og kreativ kokk med fagbrev som brenn for sunn og god mat
Er du kokk og brenn for sunn og god mat?
Vi søker engasjert kokk med fagbrev til å skape gode matopplevingar for tilsette, pasientar og pårørande.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Hospitaldrift Matforsyning har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.
Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for drift av 3 matutsal på sjukehuset og betener over 2.000 gjester dagleg. Til dette treng vi flinke og framoverlente medarbeidarar.
En av våre trofaste kokker har valgt å søke nye utfordringer, og derfor har vi nå ledig ein 100% fast stilling som kokk. Vi ser etter en engasjert og dyktig kokk som ønsker å bli en del av vårt dedikerte team ved Hospitaldrift Matforsyning- Kafé.
Som kokk skal du vere med og utvikle utsalsstadene, og arbeidstida vil vere måndag til fredag på dagtid.
Det tas forbehold om at arbeidstid og arbeidsoppgåver kan bli endra.
Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste medarbeidarar som ønsker å bidra til et godt fellesskap. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i menyplanlegging
- Bestilling og mottak av råvarer
- Produksjon av varme og kalde rettar
- Skape og gjennomføre aktivitetar i samarbeid med leverandørar
- Sikre god eksponering av våre produkt
- Legge opp varme rettar i serveringslinja
- Kundebehandling
- Skape matglede både overfor kollegaer og kundar
- Anna forefallande arbeid som naturleg høyrer til på ein kafè
- Sikre at eininga når verksemda sine strategiar og målsettingar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. Språkkunnskapar må kunne dokumenterast
- Erfaring frå restaurantbransjen og/eller kantine
- God kjennskap til data
- God kjennskap til IK-mat og HMS
- Løysingsorientert
- Kjennskap til god økonomi innan kjøkkendrift
Personlege eigenskapar
- Fagleg interesse og engasjement
- God orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Strukturert og nøyaktig
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Samarbeidsvillig
- Utadvendt og serviceinnstilt
- Evne til å sette seg inn i våre kundar sine ønsker og behov
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Utviklingsmoglegheiter
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Jonas Lies vei 83, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Hotell og overnatting, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kokk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kokk, Kantine, Kafé, Café, Restaurant
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396152087
- Sist endret