Kostymeteknikar/ kostymesyar
Det Norske Teatret
- Frist 17.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe som kostymeteknikar/kostymesyar ved landets største teater?
Det er ledig ei fast stilling som
Kostymeteknikar/ Kostymesyar
Ønskjer du å jobbe i ei kreativ avdeling med høgt tempo saman med dyktige og rause kollegaer?
Det Norske Teater søkjer ein positiv og ansvarsfull kostymeteknikar/ kostymesyar i 100 % fast stilling.
Om stillinga
- stillinga er basert på ein treårig turnus der ein arbeider to år som kostymeteknikar og eitt år som kostymesyar.
- arbeidstida følgjer ei skiftordning med dag-, kvelds- og helgearbeid
Arbeidsoppgåver
- dagleg ansvar for vedlikehald og klargjering av kostymer til alle scener som inkluderer vask, vedlikehald, reparasjon og innkjøp
- ansvar for å planlegge kostymeplasseringar og gjennomføre kostymeskift under framsyningane
- tett samarbeid med skodespelarar og dei ulike faggruppene på teateret
- saum og tilpassing av dame og herre kostymar til våre 3 scener
- koordineringsansvar for særskilde produksjonar ved behov
Ønska kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har sveinebrev i eit av handverksfaga kostymesyar, skreddar, kjole- og draktsyar eller tilsvarande relevant utdanning. Det er ein stor fordel om du har erfaring frå teater, opera eller ballett.
Ønska personlege eigenskapar
- du likar å jobbe med menneske og trivast med å jobbe i eit hektisk miljø
- fleksibel og løysingsorientert
- god orden og stor arbeidskapasitet
- arbeider sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner
- serviceinnstilt, fleksibel og tolmodig
- merksam og med auge for detaljar
- snakkar godt norsk og kan kommunisere godt på engelsk
Vi tilbyr
- ein spanande og utfordrande jobb med moglegheit for fagleg utvikling
- stor tilgang til kunstnarlege opplevingar, i eit spanande og profesjonelt teatermiljø
- gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar
- gunstig ferieordning
- lønn etter gjeldande tariff
Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.
Ønska oppstart er 4. august 2025
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret er eit av landets største teater. Om lag 200 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.
- Sektor: Privat
- Sted: 0164 Oslo
- Bransje: Kunst og kultur, Tekstil
- Stillingsfunksjon: Annet, Koordinering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kostymeteknikar, kostymesyar, vedlikehold, tekstil, teater
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396152562
- Sist endret