
Automasjonsansvarleg
Lingalaks AS
- Frist 24.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Automasjonsansvarleg søkjast til framtidsretta havbruksselskap
Er du ein teknisk orientert person med ønske om å bidra til berekraftig matproduksjon? Kunne du tenke deg å vere ein sentral aktør i eit selskap som prioriterer berekraft, innovasjon og kvalitet?
Om stillinga
I Lingalaks nyttar me sensorar i form av kamera innstallering, straum og oksygenensensorar under vatn. Sensorane registrerer korleis fisken har det.
Me er avhengig av sunn og frisk fisk som et godt for å kunne produsere. Fôringssentralen vår er avhengig av informasjonen desse sensorane i vatnet gjev oss.
Som automasjonsansvarleg med ansvar for kamera og signal, vil du ha ansvar for at utstyret som er i bruk, er vedlikeholdt korrekt og montert i henhold til produsenten sine anbefalingar. Feilsøking og koordinering mot eksterne leverandørar er nøkkelfaktorar i denne stillinga.
Tett koordinering mot driftsleiarar (produksjonsansvarlege) og sluttbrukarane (foringsentralen) i selskapet er naudsynt i rolla.
Som Automasjonsansvarleg / Kamera og signalansvarleg vil du få ei nøkkelrolle i arbeidet med å realisere måla som selskapet har for produktivitet og fiskehelse. Du vil jobbe tett med produksjonsavdelinga og leverandørane våre. Alt for at me skal produsera fisk på best mogeleg måte.
Dine hovudoppgåver:
- Leie, koordinere og utføre dagleg oppfølging av automasjon, herunder; signal, kamera, sensorikk frå merd til tilknytning på flåten
- Klargjere, teste og gjennomføre tilstandskontroll på kamera og sensorar før utsett av fisk i merd
- Feilsøking
- Direkte kontakt med leverandørar og fôrsentral
- Utføre reparasjonar på utstyr
- Rådgivning/konsultering opp mot Teknisk Sjef
- Ansvar for internkontroll og HMS innanfor ansvarsområde
- Fordeling av arbeidsoppgåver via vedlikehaldssystemet
Me søkjer deg som har:
- Fagbrev automasjon/elektro. Ønskeleg med teknisk fagskule eller høgskuleutdanning (min 2-3 år) . Fagbrev mekanikar eller havbruk med dokumentert erfaring frå fagfeltet kan kompensere for formalkravet.
- 5-10 års erfaring frå tilsvarande eller liknande stilling
- Erfaring frå drift av akvakulturanlegg, høvesvis matfiskanlegg.
Me tilbyr deg:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit framtidsretta selskap i rask utvikling
- Ein sterk kultur med fokus på berekraft, innovasjon og kvalitet
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår, samt solid forsikrings- og pensjonsordning
- Ein arbeidsgjevar med djupe røter i lokalsamfunnet og ein visjon om å gjere ein forskjell for framtida
Er du klar til å bli ein viktig del av teamet vårt? Send søknaden din til oss innan 24.03.2025 og bli med på reisa mot ei berekraftig og innovativ framtid!
Om arbeidsgiveren
Lingalaks er eit familieeigd og vestlandsbasert havbruksselskap med lang historie innan berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Me er stolte av å forvalte og utvikle ei sterk arv i havbruksnæringa, med visjonen: "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon. Føremålet vårt er å forsyne verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikre at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i."
- Sektor: Privat
- Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Marinteknikk / Naval architecture, Teknisk service
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
havbruk, Intern kontroll, automasjon, elektro, sensorikk
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396153417
- Sist endret