Bioingeniør
Helse Fonna HF
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagansvarlig ingeniør, kvalitet
Kjenner du at du vil ha ein jobb med ansvar der du får være med å påvirke korleis ting blir gjort? Då er du kanskje den vi leitar etter!
Laboratoriet ved Odda sjukehus treng ein fagansvarlig ingeniør. I denne jobben får du ansvar for laboratoriets kvalitetssystem og vil ha ei sjølvstendig rolle i vurdering av kvalitetsspørsmål.
Du blir ein del av et motivert og dyktig team, og du får jobbe tett saman med andre fagfolk.
Odda sjukehus er ikkje så stort, men her er det mykje som skjer! Vi har eit skikkeleg godt arbeidsmiljø, og vi passar på kvarandre. Her får du moglegheit til å påverke din eigen kvardag, og du kan vere med å gjere laboratoriets arbeid endå betre.
Og veit du kva? Vi hjelper deg med flyttinga! Vi dekker flyttekostnadene med opptil 20.000 kroner, og betaler husleiga di i eit halvt år (opptil 60.000 kroner). Så du kan berre pakke kofferten og komme!
👉 Har du lyst til å vite meir? Ta ein prat med oss, eller berre send inn søknaden din. Vi gler oss til å møte deg!
Kom til Odda – der eventyret ventar!
Her bor du i vakker natur gjennom fjellturer, brevandring og kajakkpadling, og delta på spennende festivaler som Siderfestivalen og Sus og Dus.
Kva gjer ein fagansvarleg ingeniør hos oss?
Dette er nokre av dei arbeidsoppgåvene du får gjere hos oss:
- Gjere deg kjent med krava i ISO 15189 og arbeide for akkreditering.
- Identifisere og forbetre kvalitetsrutinar i avdelinga.
- Gi råd og rettleiing i kvalitetsspørsmål til fagansvarlege, funksjonsleiar og legar.
- Oppfølging av interne kvalitetskontroller og analysevariasjon.
- Utarbeide rapportar og delta i leiingsgjennomgang.
- Utforme endringsprotokollar og bidra i risikovurderingar.
- Delta i rutinedrift og vaktordning.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Det er ønskelig med minimum 5 års erfaring som bioingeniør innan medisinsk biokjemi
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- Er nøyaktig og jobbar systematisk
- Tek initiativ og sikrar god gjennomføring
- Kommuniserer tydeleg og samarbeider godt
- Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Varierte og faglege utfordringar.
- Jobbe i ein liten avdeling med tett samarbeid - Hos oss er det kort veg mellom fagfolk og leiarar, noko som gir stor innverknad på eigen arbeidskvardag.
- Fagleg utvikling.
- Hjelp til bustad og flytting.
- Bo nært på spektakulær natur og friluftsliv.
- Gode arbeidsvilkår - Tilrettelagt turnus og gode pensjons- og forsikringsordingar.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, fagansvarlig, Ingeniør, Laboratorie, Odda
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396155620
- Sist endret