
Sommarjobb på Bardufoss/Sørreisa
Forsvarsbygg
- Frist 25.03.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb på Bardufoss og i Sørreisa
Forsvarsbygg har behov for sommarvikarar til oppgåver knytte til drift. Arbeidsoppgåver kan for eksempel vere plenklipping, måling, ryddig og liknande.
Vi treng 8 sommarvikarar til Bardufoss, og 2 til Sørreisa i vekene 25-33.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3- 4 veker innanfor den oppgitte perioden (veke 25-33). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Vi ønsker at du oppgir i søknaden kva periode du kan jobbe, og kva lokasjon du ønsker å jobbe på.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Sommarvedlikehald på grøntanlegg og vegetasjonsrydding
- Målearbeid
- Påkommande oppgåver
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Må vere fylt 16 år
- Søkarar med førarkort kl. B blir føretrekt
- Du må kunne autoriserast før tiltreding
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeid (kode 1138/1115), frå kr. 282 700,- - 404 900,- i brutto årleg lønn.Om arbeidsgiveren
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: 9325 Bardufoss
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Forsvar og militær
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Hjelpearbeider
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396222089
- Sist endret