Lærling i gjenvinningsfaget
ATTVIN
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Lærling
Lyst på ein jobb der du får jobbe praktisk, møte folk og bidra til noko viktig? Dette kan vere sjansen din!
Lyst på ein spennande lærlingplass i framtidas bransje?
Gjenvinningsbransjen er i rivande utvikling, og vi treng fleire unge krefter som vil vere med på å forme framtida. Som lærling hjå oss får du ei unik moglegheit til å lære om sirkulær økonomi i praksis, utvikle ferdigheitene dine og sikre deg verdifull erfaring i ein bransje med stor etterspurnad etter dyktige fagfolk.
Dette får du lære:
- Korleis avfall blir til verdifulle ressursar
- Maskinkøyring (gravemaskin, hjullastar, truck)
- Transport og logistikk
- Sortering og behandling av avfall
- Kundekontakt og service
- HMS og tryggleik i praksis
Dine arbeidsoppgåver:
- Sørge for at avfall blir sortert og gjenvunne på rett måte
- Ta imot, sortere og emballere farleg avfall
- Hjelpe kundar og veilede besøkande på miljøstasjonen
- Køyre maskiner på anlegget
- Bidra til ein trygg og effektiv arbeidskvardag
Kven ser vi etter?
- Du har førarkort klasse B
- Du har gått VG2 teknisk eller tilsvarande
- Du er engasjert, lærevillig og likar fysisk arbeid
- Du trivst med å jobbe ute og saman med andre
- Du kommuniserer godt og gir god service
Vi oppfordrar spesielt kvinner til å søkje – bransjen treng fleire flinke damer!
Vi tilbyr:
- Grundig opplæring av erfarne fagfolk
- Gode vilkår, forsikrings- og pensjonsordningar
- Moglegheiter for fast jobb etter læretida
- Vidareutvikling, kurs og sertifikater
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Arbeidsstad: Hovudsakleg Ålesund
Oppstart: Etter avtale
Har du spørsmål? Ta kontakt med Richard Flåte på 94 83 75 32
Søk i dag – og bli med på reisa mot ei sirkulær framtid!
Om arbeidsgiveren
Attvin er totalleverandør av avfallstenestar til hushald og bedrifter.
Vi går på jobb for å sikre at meir ressursar går til gjenvinning. Bli med oss på reisen mot ei sirkulær framtid.
Les meir om oss her: https://attvin.no/om-attvin
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Alvikvegen 194, 6019 Ålesund
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Maskinfører og -operatør, Produksjon, Truckfører
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærling, gjenvinning, avfallshåndtering, maskinkjøring, kundekontakt
(1/11)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396259859
- Sist endret