
Lege før turnusteneste
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 18.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Lege før turnusteneste
Er du klar for nye utfordringar? Vil du jobbe i ei spanande legestilling hos oss ved Ålesund behandlingssenter, Helse Møre og Romsdal HF?
Vi søker ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet og som vil vere med å vidareutvikle eit godt og heilheitleg behandlingstilbod for pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Vi har ledig vikariat for lege før turnusteneste ved avd. TSB, Ålesund behandlingssenter frå 01.03.2025 og eitt år framover.
Avdeling for TSB i Helse Møre og Romsdal HF tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Ålesund behandlingssenter har tilbod om avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk oppfølging. Avdelinga tilbyr utgreiing og behandling til rusavhengige og deira pårørande gjennom både individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar.
Du er velkomen som søkar!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut fra den seksjonen ein er tilsett i(mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, tverrfaglege drøftinger m.m.)
- Tverrfagleg samarbeid
- Deltaking i avdelinga si vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege eller midlertidig legelisens (stud.med)
- Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel og løysningsorientert
- Fagleg engasjement
Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting
Vi tilbyr
- Rettleiing av erfarne overlegar
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vestmoa 27, 6018 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396265825
- Sist endret