
Verksbetjent - kokk
Åna fengsel
- Frist 23.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Verksbetjent - kokk
Om stillinga
Ved Åna fengsel er det ledig stilling på kjøkkenet som verksbetjent - kokk.
Ein kokk ved kjøkkenet på Åna skal ha evne til å leie opplæring, sysselsetjing og oppfølging av innsette og ta sjølvstendige avgjerder innanfor eige arbeidsområde.
Kokken skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta fagleg kvalifiseringsarbeid med innsette.
Kjøkkenet er leia av verksmeister og har tre kokkar samt 6-8 innsette i arbeid. Den som vert tilsett må kunne vera arbeidsleiar for innsette.
Kokkane arbeider turnus, dagtid med helgeteneste.
Arbeidsoppgåver
- Kokken er arbeidsleiar for ei gruppe innsette som saman med dei tilsette skal bidra til å nå produksjonsmåla for avdelinga.
- I samarbeid med kjøkkensjefen legge til rette for gode vekemenyar.
- Kokkane skal leie opplæring, sysselsetjing og oppfølging av innsette .
- Kjøkkenet ved fengselet legger vekt på å produsere eit variert, sunt o g rikt kosthald.
Kjøkkenet lagar og diettmat og spesielle rettar for innsette som treng dette.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- relevant fagbrev og relevant erfaring
- relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
Det er ønskjeleg at du har
- erfaring frå større kjøkken
- erfaring med administrative oppgåver
Den som blir tilsett, må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent.
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til tryggleikstenking
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med arbeidskvardagen til dei innsette
- evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- du må vere tolmodig, ansvarsfull og fleksibel og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
- lojalitet og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- god evne til å formulera seg på norsk både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit inkluderande arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt, der samarbeid og deling av erfaringar er sentralt.
- Gratis parkering.
- Elbil-lading tilgjengeleg for ansatte.
- Eit aktivt bedriftsidrettslag som tilbyr muligheter for fysisk aktivitet og sosialt samvær.
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Stillinga blir løna som verksbetjent (0275) frå kr. 458000 - 573 000. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til verksmeister Anette Sønderol Hansen på telefon 51799058
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.
Åna fengsel har rundt 160 tilsette, med til saman 164 plassar for mannlege innsette, fordelt på 140 plassar med høgt tryggleiksnivå og 24 plassar med lågare tryggleiksnivå.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396269376
- Sist endret