
Avtaleforvaltar/senior avtaleforvaltar
Sykehusinnkjøp HF
- Frist 19.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer avtaleforvaltar innan IKT og byggentreprise
Sjukehusinnkjøp HF er eit landsdekkjande helseføretak med kontor i heile Noreg. Oppgåva vår er å inngå og følgje opp avtalar på varer og tenester som blir leverte til norske sjukehus. Dette gjer oss til ein av dei største innkjøpsorganisasjonane i landet med eit sterkt fagmiljø innan offentleg anskaffing.
No søkjer vi nye medarbeidarar, i to faste stillingar og i eit vikariat, til å følgje opp og forvalte porteføljen vår av avtalar og leverandørar innan kategoriane IKT og byggentreprise.
Kven ser vi etter?
Medarbeidarane våre har erfaring frå mange ulike fagområde, men det er ein fordel om du har erfaring innan kontraktsforvaltning og leverandøroppfølging. Det er viktig for oss at du er strukturert og sjølvstendig og har god merkantil og juridisk forståing.
Du vil vere bindeleddet mellom kundane våre, som er helseføretaka, og leverandørane. Derfor må du ha gode kommunikasjonsevner, vere løysingsorientert og trivast med å samhandle med andre.
Hovudoppgåva er å følgje opp eigen portefølje av avtalar. Det inneber implementering og oppstartsmøte med nye leverandørane og brukarane, tilrettelegging i logistikksystem, handtering av framdrift, endring og avvik, anskaffingar ved minikonkurransar, og dessutan rådgiving og oppfølging av leverandørane. Til dette
må du vere strukturert, nøyaktig og ha gode ferdigheiter med Excel.
Det er også viktig at du delar av kompetansen din, har godt humør og trivst i ein organisasjon i endring. Du vil møte profesjonelle kollegaer i eit svært godt arbeidsmiljø og opparbeide deg viktig erfaring innan offentlege anskaffingar og kontraktsarbeid. Vi er i ei kontinuerleg utvikling og ønskjer oss deg som vil bidra til forbetringa vår. Vi held til i trivelege og moderne lokale i "Måltidets hus" i Innovasjonsparken på Ullandhaug i Stavanger. Dette er også tett på det nye sjukehuset (Nye SUS). I Bergen har vi lokale i Kronstadparken.
Du bør ha interesse for spesialisthelsetenesta, men vi er også opptekne av å ha medarbeidarar med kompetanse og erfaring frå andre område og verksemder. Søk gjerne om du kjem frå det private næringslivet. Nyutdanna blir innplassert med stillingsnemning rådgivar - avtaleforvaltar, og for særlege erfarne søkjarar kan senior avtaleforvaltar vurderast.
Verdigrunnlaget vårt er:
- kunnskapsrik
- nytenkjande
- engasjert
- profesjonell
Dette skal liggje til grunn for alt vi gjer i Sjukehusinnkjøp, og det er viktig at du også jobbar etter desse verdiane.
Kvar held vi til?
Stillingane er plasserte i avdelinga ved divisjonen for avtaleforvaltning, anskaffingar nasjonalt og vest.
Kontorstad er Bergen eller Stavanger.
Om søknadsprosessen
Denne annonsen er på nynorsk - men hjå oss i Sjukehusinnkjøp kan du nytta begge dei norske målformene. Du vel sjølv kva målform du skriv søknaden i.
Søkjarar som blir vurderte som mest kvalifiserte, blir kalla inn til intervju. Me har vanlegvis to intervjurundar, med sjekk av attestar og referansar. Alle søkjarar får tilbakemelding på søknadene sine, uavhengig av om dei blir kalla inn til intervju eller ikkje.
Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeidd offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservera deg mot oppføring, må du oppgi og grunngi dette når
du søkjer på stillinga. Du vil bli kontaktet dersom søknaden ikke blir innvilget og få anledning til å trekke søknaden, jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgaver
- Forvalte avtalar ved å leggje til rette i logistikksystem, rådgiving, handtering av endring og avvik, og dessutan oppfølging av leverandørar
Overvaking av eksisterande avtale- og leverandørportefølje - Identifisere behov for avtalar
- Delta i utvikling av omfang/sortiment
- Merkantil og fagleg oppfølging og utvikling av avtaler
- Omfattande kontakt med interne og eksterne interessentar og samarbeidspartnarar
- Anskaffingar på rammeavtalar ved minikonkurransar etter kundane/brukaranes behov
- Bidra til utvikling og kompetanseheving for føretaket
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjoner
- Du har høgare utdanning innan relevante fagområde - gjerne juridisk, økonomi og/eller teknisk
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Det vil vere ein fordel med erfaring frå IKT/- og eller byggprosjekt
- Det kan også vere ein fordel med erfaring frå prosjektmetodikk og -gjennomføring
- Det er ønskjeleg med erfaring innan anskaffingar og/eller kontraktsarbeid, men dette er ikkje eit krav
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlige egenskaper
- Profesjonell og løysingsorientert
- Nysgjerrig, initiativrik og sjølvstendig
- Analytisk, strukturert og nøyaktig
- Gode samarbeidsevner og evne til å etablere relasjonar og nettverk internt og eksternt
- Bidragsytar til eit godt og positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling i eit av Noregs største fagmiljø for offentlege anskaffingar
- Lønn etter avtale og kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Livsfaseorientert personalpolitikk
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Moglegheit for heimearbeid
Om arbeidsgiveren
Sykehusinnkjøp HF er et nasjonalt foretak som leverer anskaffelses- og innkjøpsrelaterte tjenester til norske sykehus. De fire regionale helseforetakene eier foretaket og er samtidig våre oppdragsgivere. Hovedkontoret vårt er i Vadsø, og vi har kontorer i hele landet. Sykehusinnkjøp HF har operativt ansvar for innkjøp i hele spesialisthelsetjenesten. Vi skal være profesjonell, spesialisert og tilgjengelig for brukerne. Vi skal også fremme innovasjon og være en pådriver for etisk handel og miljøvennlige innkjøp. Se www.sykehusinnkjop.no for mer informasjon om oss.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Inger Bang Lunds vei 4, 5059 Bergen
- Flere arbeidssteder: Richard Johnsens gate 2, 4021 Stavanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon, Innkjøp/forhandling, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Økonomi, Offentlige anskaffelser, Jurist, teknisk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396278901
- Sist endret