
Psykolog
Helse Bergen HF
- Frist 18.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Psykolog
Har du lyst til å arbeide med spesialisert rusbehandling i eit godt og fagleg utviklande miljø? Ein av våre dyktige psykologar skal ut i permisjon, og vi har no ledig 1 års vikariat i vår poliklinikk ved Avdeling for rusmedisin (AFR)!
Poliklinikk Murhjørnet held til i moderne lokale i Bergen Sentrum, og tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling for menneske med ruslidingar og avhengigheits-problematikk, ofte i kombinasjon med psykiske lidingar (ROP tilstandar). Vi tilbyr behandling både individuelt og i gruppe. Vi gir òg tilbod om musikkterapi og pårørandeoppfølging. Poliklinikken gir tilbod til pasientar frå 15 år og oppover. Poliklinikken har fast samarbeid med "Jobb først" (IPS) konsulentar, som held til i poliklinikken og tilbyr arbeidsretta oppfølging.
Poliklinikken er del av Avdeling for rusmedisin, som er landets største eining innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) og som og har behandlingstilbod i form av mellom anna ambulant behandling, legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og ulike døgnbehandlingstilbod. Avdelinga har eigen forskingsseksjon med ei rekke spennande prosjekt.
I stillinga som psykolog i poliklinikken vår vil du ta del i tverrfagleg team, beståande av psykologar, legar, sosionomar, spesialsjukepleiar, vernepleiarar, musikkterapeutar og erfaringskonsulent. Til saman er det ca 40 årsverk knytta til poliklinikken.
Det er godt lagt til rette for samarbeid og drøftingar i dei enkelte pasientforløpa. Fleire av dei tilsette er i ulike vidareutdanningar, og for ikkje-spesialistar blir det lagt til rette for relevant spesialisering. Det er regelmessig internundervisning, faste fagdagar og avdelinga legg òg til rette for både individuell vidareutdanning og felles kompetanseheving.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av pasientar med rus- og avhengigheitsproblematikk, dette ofte i kombinasjon med psykiske helseutfordringar
- Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt
- Poliklinikken er opptatt av å utvikle differensierte tenester, mellom anna har vi fleire tilbod om gruppetilbod (m.a traumestabiliserande gruppe, psykoedukativ ADHD-gruppe og mindfullnesbasert tilbakefalls-førebygging). Deltaking knytta til poliklinikkens spesialiserte tilbod kan bli aktuelt.
- Deltaking i internt utviklingsarbeid og rettleiing er forventa
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Erfaring med arbeid innan rusbehandling og psykisk helsevern vil vere ein fordel, nødvendig rettleiing vil ellers bli gitt
- Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har god fagleg vurderingsevne, er fleksibel og løysingsorientert, og arbeidar målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du tåler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
TSB, psykologi, psykolog, rus, rusbehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396311791
- Sist endret