Helsepersonell natt
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
- Frist 15.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du helsefagleg utdanna og brenn for eldreomsorg?
Vi har ledige stillingar for helsepersonell på natt.
Vi ønskjer oss deg som:
- har eit hjarte som bankar ekstra for eldre med behov for omfattande helsetenester
- har helsefagleg utdanning som til dømes sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning. Du kan også være i eit helsefagleg utdanningslaup.
- deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er engasjert, positiv og villig til å lære
- er fleksibel og endringsvillig
- er bevisst haldningane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
- bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på ulike nattevaktlag når det trengst
Saman med dyktige kollegaer vil du utføre oppgåver som sikrar høg kvalitet og at brukarane sine rettar blir ivaretatt. Søkjarar utanfor må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Søknadane blir handsama fortløpande og det er kun aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju.
Arbeidsstad
Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet Bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har eigne tilsette i nattarbeid fordelt på 5 nattevaktlag. Som helsepersonell på natt må du vera førebudd på å arbeide utover eiga nattevaktlag og brukakompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med
lysthus, bærbuskar, tre og planter. Varme og vekststår for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi hareigne sjukeheimslegar i faste store stillingar.
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune
Vi kan tilby:
- Vi er fleksibel med omsyn til stillingsstorleik
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalah
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Solstrandsvegen 39, 5200 Os
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
helsepersonell, sykehjem, eldreomsorg, natt, sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396399803
- Sist endret