Koordinator/lærar for Oppfølgingsklassen i Rogaland
Rogaland fylkeskommune
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Koordinator/lærar for Oppfølgingsklassen i Rogaland
Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2250 elevar og 357 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning.
Frå 1. august 2025 har me ledig 100% fast stilling som koordinator/lærar for Oppfølgingsklassen i Rogaland. Arbeidsstad vil vere i Stavanger sjølv om klassen er knytt til Bryne vgs.
Oppfølgingsklassen gir eit tilpassa opplæringstilbod for deltakarar knytte til kriminalomsorga og lauslatne som fullfører opplæring påbegynt under soning eller som ikkje har vorte ferdige med utdanninga si tidlegare i livet. Oppfølgingsklasse er eit tilbod i 12 andre fylke i Noreg, og no skal dette tilbodet også opprettast i Rogaland. Det er Bryne vidaregåande skule som skal ha ansvaret for iverksetjinga. Oppfølgingsklassen vil derfor liggje under avdeling for undervisning i Åna fengsel i ein startfase, men skal lokaliserast i Stavanger. Me reknar med at det til ei kvar tid vil vere i snitt 10 deltakarar knytt til dette tilbodet i Rogaland.
Som lærar for denne gruppa må du ha evne til å utvikle profesjonelle relasjonar til deltakarane. Parallelt med fagleg arbeid og læring blir det etablert relasjonar som ofte blir inngangen til samtalar om fleire aspekt ved livet, mellom anna om fortid, notid og framtid. Identiteten til elevane skal ivaretakast og utviklast. Dei skal anerkjennast uansett forskjellar, og dei skal klare å ta eigne sjølvstendige val i eit samfunn dei kjenner tilhøyrsel til. For den som blir tilsett krevst det ei fleksibel innstilling og evne til tilrettelegging av undervisninga, alt etter den individuelle faglege ståstaden til eleven.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.Arbeidsoppgaver
- Koordinering av undervisningstilbodet som blir gitt i oppfølgingsklassen, budsjettoversikt og dagleg drift.
- Tett samarbeid med fengsla og kriminalomsorgen for å opprette kontakt med aktuelle deltakarar for oppfølgingsklassen
- Planlegging og gjennomføring av undervisning som møter det individuelle behovet og faglege nivået til elevane
Det er ønskjeleg at søkjaren har undervisningskompetanse i eitt eller fleire av fellesfaga på yrkesfagleg eller studiespesialiserande retning, og dessutan brei forståing for det vidaregåande opplæringssystemet. 50% av stillinga er som koordinator for oppfølgingsklassen og 50% av stillinga vil vere undervisning. Det blir lagt stor vekt på evne til sjølvstende i arbeidet.
Kvalifikasjoner
- Godkjent pedagogisk utdanning
- Undervisningskompetanse i eitt eller fleire fag som blir tilbodne i oppfølgingsklassen
- Godkjent politiattest
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode norskkunnskapar
Personlige egenskaper
- Sjølvstendig, utviklingsorientert og fleksibel
- Evne til å skape gode relasjonar til elevar, kollegaer og samarbeidspartnarar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
- Personleg dugleik for stillinga vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb
- Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med tariffavtale
- Hjemjobbhjem-ordning.
Om arbeidsgiveren
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hetlandsgate 27, 4344 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Koordinator;, Vidaregåande;, Skole;, Lærer;
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396409044
- Sist endret