HMS rådgivar
Helse Fonna HF
- Frist 23.03.2025
- Ansettelsesform Fast
HMS rådgivar
Helse Fonna søkjer etter ein HMS-rådgivar til vår bedriftshelseteneste (BHT) og HMS-avdeling.
Vi ser etter deg som har erfaring med ,og ønsker å jobbe for helsefremmande og trygge arbeidsforhold og som trivst i rolla som rådgjevar. Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, erfaring frå BHT, HMS og kvalitetsarbeid, og stor interesse for å jobbe med ulike problemstillingar innan arbeidsmiljø og HMS. Du skal jobbe førebyggande og ha eit helsefremmande fokus i møte med individ, grupper, system og organisasjonen.
Stillinga byr på utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Du vil bli del av eit tverrfagleg team som består av 5 medarbeidarar med kompetanse innan systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid, arbeidsmedisin/arbeidshelse, yrkeshygiene, ergonomi samt psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø. HMS/BHT avdelinga er organisert som ein del av HR i Helse Fonna.
👉 Vi vil gjerne ha deg med på laget – søk no!
Arbeidsoppgåver
- Gi råd til arbeidsgjevar og arbeidstakar på det som gjeld arbeidsmiljø, førebyggande HMS-arbeid og arbeidshelse
- Utføre systematisk HMS arbeid og internkontroll
- Planlegge og gjennomføre undervisning og kurs innan HMS relaterte emne
- Utarbeiding og revisjon av HMS-system
- Kartlegging og risikovurdering, her under fysisk, psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø
- Konflikthandtering
- Førebyggande sjukefråværsarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant høgskule-/universitetsutdanning
- Det er ønskeleg med erfaring innan HMS og internkontroll, gjerne erfaring frå BHT
- God kjennskap til gjeldande lover og forskrifter
- God digital kompetanse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Kva ser vi etter hos deg?
Vi søkjer deg som er:
- strukturert og systematisk, tek ansvar for eigne oppgåver og trivst med å samarbeide i tverrfaglege team.
- fleksibel, tek initiativ og finn løysingar når utfordringar oppstår.
- flink til å formidla bodskap tydeleg og engasjerande, både skriftleg og munnleg.
- ein som bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og trivst med å jobbe saman med andre.
- nysgjerrig, utviklingsorientert og oppteken av kontinuerleg læring og forbetringsarbeid.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit inspirerande arbeidsmiljø med spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
- Opplæring og kompetanseutvikling
- Fleksible arbeidsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, HMS, Ingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
HMS, Rådgiver, Bedriftshelsetjeneste, Risikovurdering, Forebygging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396415320
- Sist endret