Miljøterapeut Ungdomskontakten Salto - 100 % stilling
Alver kommune
- Frist 24.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer deg som liker å jobbe ute i felt og brenn for arbeid med ungdom
Vi har ledig ein fast stilling som miljøterapeut i 100 % og søkjer deg som liker å jobbe ute i felt og brenn for arbeid med ungdom.
Ungdomskontakten Salto er eit lågterskeltilbod for ungdom mellom 13 og 20 år lokalisert i Amfi Knarvik. Ungdomskontakten Salto er ein treffstad der ungdom kan kome innom og prate med venner og med dei vaksne som jobbar der. Tilsette driv også oppsøkjande verksemd i Amfi Knarvik og ut mot skulane. Tiltaket er tenkt å vere eit rus- og kriminalitetskonkurrerande tilbod. Kjerneaktiviteten for Salto er «ope hus», med ope kvar dag etter skuletid. Onsdag er langdag, med ope frå kl. 13.30-20.30.
Ungdomskontakten Salto er eit interkommunalt tiltak finansiert av Amfi Knarvik og kommunane Modalen, Masfjorden, Alver og Fedje i fellesskap. Alver kommune har ansvar for den daglege drifta av tiltaket.
Ungdomskontakten Salto ligg under avdelinga Ung Alver. Ung Alver jobbar for og med ungdom. Vi har som mål at unge i Alver skal ha ein kjekk og trygg oppvekst. Vi driv førebyggjande tiltak og jobbar for eit allsidig aktivitetstilbod for unge i kommunen
Arbeidsoppgåver
Personalet er ein viktig vaksenkontakt for ungdommane. Dei kan slå av ein uformell prat, men kan og vere ein viktig kanal for å fange opp ungdom i risiko. På Ungdomskontakten Salto arbeidast det i team på to stk. Kjerneaktiviteten for Salto er «ope hus», med ope kvar dag etter skuletid. Onsdag er langdag, med ope frå kl. 13.30-20.30.
I tillegg til å vere tilstades i opningstida til Salto, driv dei tilsette oppsøkjande arbeid i og omkring Amfi Knarvik og ut mot skular i regionen. Personalet har tett kontakt med samarbeidspartnarar innan skule og andre kommunale tenester, og kan hjelpe ungdom som treng det å få kontakt med rett hjelpeinstans. Dei tilsette tilbyr også etter avtale AART-grupper til skulane i regionen.
Kvalifikasjonskrav
- Minimum 3-årig, sosialfagleg eller helserelatert høgskuleutdanning
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Ønskt kompetanse
Vi søkjer deg som:
- Tar iniativ og kan drive saker fremover
- Har interesse og engasjement for å arbeide med ungdom
- Har evne til å raskt sette deg inn i nye problemstillingar
- Trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer
- Er løysingsorientert, fleksibel og nytenkende
- Har positiv innstilling og godt humør
- Har erfaring frå AART
Ved tilsetjing blir det lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid.
Vi søker deg som
- Er god på kommunikasjon, samhandling og relasjonsbygging
- Har god erfaring frå arbeide med ungdom, og i oppsøkjande arbeid
- Har evne til å ta avgjerder, vere strukturert, målretta og systematisk
- Er god på å jobbe i team, samstundes som du kan vere sjølvstendig i arbeidet
- Er lojal, fagleg sterk og trygg i di yrkesutøving
- Framstår som ein tydeleg, inkluderande og trygg vaksenperson
Vi tilbyr
- Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn etter avtale
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 1, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Helsepersonell, Sosionom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396420010
- Sist endret