Rådgjevar/seniorrådgjevar
Bufetat
- Frist 19.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Ved Eining for inntak Bufetat, region vest, avdeling Stavanger, er det ledig 100 % fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar frå snarast.
Hjå oss vil du vera ein del av eit spennande fagmiljø som er opptekne av å halda ved like og vidareutvikla kompetanse.
Eining for inntak skal formidla statlege barneverntenester til kommunane i regionen. Eininga sine rådgjevarar får bistand frå nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og nasjonalt inntak for rus og åtferdplasseringar (NABE). Eininga har avdelingar i Vestland og Stavanger.
Stillinga inneheld noko reiseverksemd innan eigen region og andre regionar. Førarkort for bil er nødvendig.
Vi held til i Statens hus, Lagårdsveien 44 i Stavanger. Per no er vi 19 tilsette i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
- Ved førespurnad frå kommunen, skal du gje råd, rettleiing og bistand i enkeltsakar.
- Du skal ta i mot og behandle tilvisingar om institusjonstiltak og spesialiserte fosterheimar frå kommunen.
- Du skal gjere forsvarlege vurderingar av eigna tiltak i samarbeid med kommunen sin tilvising.
- Du skal dokumentera alle delar av arbeidet.
- Du skal sikre oppfølging av plasseringar i private barnevernstiltak.
- Du skal delta i samarbeidsmøtar med andre einingar, kommunar og andre instansar.
Kvalifikasjonar
Kva slags bakgrunn har du?
- Krav til treårig utdanning frå universitet/høgskule på bachelornivå innan barnevernsfag/sosialfag.
- Krav om erfaring frå barnevernsarbeid, og det er ønskjeleg med erfaring frå kommunal barnevernteneste.
- Krav om kompetanse og erfaring om lov, avtaleverk og forvaltning innan fagfeltet.
- Du har svært god skriftleg framstillingsevne på norsk
- Du har gode IKT-ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
- Ønskeleg med vidareutdanning innan barnevern/psykisk helse/anna vidareutdanning lik 60 studiepoeng.
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter?
- Du er sjølvstendig og trygg i di arbeidsutføring.
- Du evnar å leie arbeidsprosessar og har høg grad av sjølvstende.
- Du har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
- Du er initiativrik og løysingsorientert.
- Du er ein lagspelar og har evne til å samarbeide.
- Du er god til å bidra i kontinuerlege endrings-og betringsprosessar.
- Du har godt humør og bidreg positivt i arbeidsmiljøet.
For oss er det også svært viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Det vil bli lagt vekt på i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 rådgjevar, p.t. kr 610 000 - 690 000 pr. år eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 640 000 - 720 000 pr. år.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Eining for inntak, avdeling Stavanger.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rådgjevar, Seniorrådgjevar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396452483
- Sist endret