
Instituttleder ved Institutt for klinisk odontologi
Universitetet i Bergen
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Instituttleiar ved Institutt for klinisk odontologi, Det medisinske fakultet
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-w
Instituttleiar ved Institutt for klinisk odontologi
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fagleg spanande og utfordrande åremålsstilling (4 år) som instituttleiar ved Institutt for klinisk odontologi, https://www.uib.no/odontologi (https://www.uib.no/odontologi), frå 1.8.2025.
Institutt for klinisk odontologi er eitt av fem institutt ved fakultetet. Instituttet driv forsking, forskarutdanning, formidling og utdanning av tannlegar og tannpleiarar, i tillegg til spesialist-/spesialutdanning i kliniske odontologiske fag. Instituttet har óg ein odontologisk universitetsklinikk som består av studentklinikk og spesialistutdanningsklinikk. Det drives spesialistutdanning i 7 godkjente spesialiteter i odontologi.Odontologisk universitetsklinikk er ein integrert del av instituttet, med 146 tannlegestolar for pasientbehandling, i tillegg til eit øvingslaboratorium med avansert opplæringsutstyr. Odontologisk universitetsklinikk behandlar omlag 400 pasientar dagleg og er ein stor arena for klinisk odontologisk forsking.
Instituttet har om lag 260 tilsette fordelt på 150 årsverk, med 31 personar i vitskaplege hovudstillingar. Samla budsjett ligg på 125 millionar kroner. Instituttadministrasjonen består av 11 personar og gjev administrativ støtte til fagmiljø innan studieadministrasjon, økonomiforvaltning, prosjektstyring, forskingsadministrasjon og forskarutdanning.
Instituttet driv grunnforsking, klinisk- og epidemiologisk forsking i samarbeid med andre universitetsmiljø og Den offentlege tannhelsetenesta, og har eit moderne og velutstyrt forskingslaboratorium. Instituttet driv også rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå og har viktige oppgåver innan odontologi, mastergrads- og doktorgradsutdanning.
Dei viktigaste oppgåvene til instituttleiar er å:
- Leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i tråd med strategien til fakultetet og Universitetet i Bergen
- Representere og posisjonere institutt og fakultet, og bidra til internt og eksternt samarbeid
- Bidra til å auke ekstern finansiering
- Skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
- Leggje til rette for gode prosessar baserte på medverknad frå tilsette og studentar
- Sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar
- Arbeide for god kjønnsbalanse i stillingane ved instituttet
Vi søkjer ein instituttleiar som:
- Har gode leiareigenskapar, og kan vise til resultat
- Har erfaring/ røynsle frå forskings- og utdanningsleiing
- Har kompetanse som professor i eitt av fagområda ved instituttet (eller nærståande fagfelt).
- Har evne til å arbeide strategisk mot fastsette mål, har gode evner til kommunikasjon, dertil evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt
- Har god innsikt i kunnskapsorganisasjonar og dei krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring
- Har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
I tillegg blir det lagt vekt på:
- Ein motiverande og inkluderande leiarstil
- Perspektiv på forsking og utdanning nasjonalt og internasjonalt
- Gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk
- Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga som professor, sjå retningslinjer for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring (https://ekstern.filer.uib.no/mofa/Enhet%20for%20l%C3%A6ring/Mal%20for%20pedagogisk%20mappe_MED%2019.10.20.pdf)
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Det vil bli lagt til rette for at den som får stillinga kan ha relevant bistilling utanfor Universitetet i Bergen. Det er eit ynskje at leiarskapet vert kombinert med eiga forskingsaktivitet. Universitetet i Bergen, og Det medisinske fakultet kan tilby eit konkurransedyktig fagmiljø og ein infrastruktur og utstyrspark, som er i internasjonal klasse. Vi legg til rette for instituttleiar sin forskingsaktivitet og leiarutvikling. Eit nært samarbeid med helseføretaka og primærhelsetenesta er av stor verdi for vår forskingsog undervisningsaktivitet.
Instituttleiar rapporterer til dekanus og inngår i fakultetet si leiargruppe. Informasjon om instituttet og fakultetet kan du finne på Universitetet i Bergen sin eksternweb: https://www.uib.no/med (https://www.uib.no/med)
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn er for tida kr 1 200 000 - 1 300 000 (kode 1475). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan høgre løn verte vurdert.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Til instituttleiarstillinga er det òg knytt midlar til ei stipendiat- eller ei postdoktorstilling.
Søknaden skal innehalde:
- CV, vitnemål og attestar
- Fullsendig publikasjonsliste
- Pedagogisk mappe, sjå utfyllande informasjon på eining for læring (https://ekstern.filer.uib.no/mofa/Enhet%20for%20l%C3%A6ring/Mal%20for%20pedagogisk%20mappe_MED%2019.10.20.pdf)
Ei liste over vitenskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde. - Vitskapleg arbed du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15) i passande format (pdf) som vedlegg
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Generell informasjon:
Interesserte kan kontakte:
Dekan Per Bakke, telefon 55 58 20 87/992 04 032, e-post per.bakke@uib.no eller
Fakultetsdirektør Synnøve Myhre, telefon 55 58 44 51/ 93 48 46 14, e- post: synnove.myhre@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Kvinner vert oppmoda særskilt til å søkje stillinga. Dersom fleire søkjarar vert vurdert å ha tilnærma like kvalifikasjonar, vert avgjerda om kjønnskvotering i Personalreglementet for tekniske og administrative stillingar nytta.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396620227
- Sist endret