Rådgjevar/ingeniør
Vestland fylkeskommune
- Frist 21.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Trafikkteknikk og trafikkanalyse
Har du kompetanse innan trafikkteknikk og trafikkanalysar og har du lyst til å bidra med å utvikle regionen saman med oss? Da er dette ei stilling du bør søke på.
Vi kan love deg ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med faglege komplekse utfordringar og mykje autonomi. Det vi gjer betyr mykje for innbyggarane og omgjevnadene. Vi set verdiane våre; open, modig og kompetent høgt. Vi støttar og utfordrar kvarandre i kvardagen. Seksjonen har eit svært godt arbeidsmiljø med 25 kompetente og engasjerte kollegaer. Det er gode moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling i denne stillinga.
Om du ønsker å sette retning, oppleve lagfølelse og tillit, så er dette arbeidsplassen for deg!
Arbeidsoppgåver
Skilt- og vegoppmerking
Skilt- og vegoppmerking er avgjerande for å ivareteke trafikktryggleik og framkomst kan skje på ein oversiktleg og trygg måte. I denne stillinga vil du samarbeide i interne prosjekter knytt til utarbeiding av skiltplanar, og du vil sakshandsame førespurnader om endringar på skilt og vegoppmerking langs fylkesvegnettet.
Trafikkanalysar
Korleis vil ei utbygging påverke trafikkflyten og framkomsten til kollektiv, gåande og syklande? Ein sentral oppgåve til denne stillinga vil vere å utarbeide trafikkanalysar i eigenregi-prosjekt, og vurdere trafikkanalysar som er utarbeid i forbindelse med eksterne planar. Du vil rettleie med din fagkunnskap i ulike prosjekt og planar både internt og eksternt. Du vil arbeide sjølvstendig med dine oppgåver og prosjekt, men også samarbeide med kollegaer innan ulike fagområde.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå.
- Arbeidserfaring innan vegforvaltning, skilt- og vegoppmerking eller trafikkanalysar er eit pluss.
- Ønskjeleg med kunnskap innan programvarer som: Aimsun, Sidra, Crossig, AutoCAD og Visio.
- Førerkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som kan arbeide sjølvstendig, men også vere ein lagspelar saman med resten av seksjonen og avdelinga. Du er opptatt av detaljer, men at du også kan sjå samanhengar og heilheita i arbeidet. Du er flink å kommunisere og bidra med rettleiing og gje informasjon på ei slik måte at alle kan forstå. Vi ønskjer også ein som vil ta aktiv del i val av løysningar og sette retning for framtida.Vi tilbyr
- Moglegheit for kurs og kompetanseheving.
- Fagsamlingar og sosiale arrangement.
- Fleksibel arbeidstid og sommartid.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Løn og stillingstittel etter avtale.
- Kontorstad Bergen eller Stord.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Analyse, Saksbehandler, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Trafikkteknikk, Trafikkanalyse, Trafikk, Skilt og vegoppmerking
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396750313
- Sist endret