Sjukepleiar - 100 % fast - Psykisk helse og rus, heildøgnstenester avd. Manger
Alver kommune
- Frist 24.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Har du erfaring frå, og engasjement for fagfeltet psykisk helse og rus?
Vi har ledig ein 100% fast stilling som sjukepleiar i langvaktsturnus. Vaktlengde er 12,5 timar med arbeid kvar 4 helg. Stillinga er for tida knytt til Hovden omsorgsbustad pluss.
Om psykisk helse og rus avdeling Manger
Psykisk helse og rus avd. Manger er eit heildøgnsbemanna butilbod som består av Radøy interkommunale busenter og Hovden omsorgsbustad +. Avdelinga består av institusjon og einetilbod, og gjev butilbod til totalt 11 brukara. Målgruppa er mennesker med psykiske lidingar og ROP-lidingar med behov for tenester og tilsyn gjennom døgnet.
Tenesta har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den einskilde. Målet er å hjelpe enkeltmenneske til å leve eit sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med tilpassa oppfølging.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar vil du arbeide med miljøarbeid og individuell oppfølging av brukar i eige bumiljø. Du vil drive med relasjonsarbeid, gje naudsynt helsehjelp, ha samtalar og aktivitetar etter vedtak tilpassa den einskilde.
Kvalifikasjonskrav
Krav til kompetanse
Autorisert sjukepleiar
Sertifikat klasse B
Erfaring med tilsvarande type arbeid innanfor feltet psykisk helse og rus
Ønskt kompetanse
Relevant videreutdanning
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
likar å arbeide med menneske og har engasjement for fagfeltet psyksisk helse og rus
er trygg i deg sjølv og i møte med andre
arbeidar godt i team og er ein bidragsyter i eit godt arbeidsmiljø
Personleg eigenskapar vil bli lagt stor vekt på - det er viktig at du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tålmod
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Som sjukepleiar i Alver kommune får du 10 000,- over garantiløn
Godt arbeidsmiljø
Fagutvikling
Rettleiing
Tilsetjing ihht gjeldande avtaleverk
Pensjonsordning i KLP
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Om arbeidsgiveren
Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kyrhovden 3A, 5936 Manger
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier
Nøkkelord
psykisk helse, miljøarbeid, brukermedvirkning, teamarbeid, individuell oppfølging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397198517
- Sist endret