Skulane i Ål søkjer fleire engasjerte, dyktige og innovative lærarar!
Ål Kommune
- Frist 25.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Lærarstillingar - skulane i Ål - 2. gongs utlysing
Frå 1. august -25 er det ledig faste og mellombelse stillingar for lærarar ved 1. - 7. trinn og lærarar ved 8. - 10. trinn.
Utlysinga gjeld også for stillingar som blir ledige i løpet av våren. Før opp i søknaden kvar du ønsker å jobbe dersom du har spesifikke ønske om arbeidsstad.
Grunnskule
Vi søkjer lærarar som brenn for å utvikle spennande, innovativ og praksisnær undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap.
Vi treng lærarar som er gode på klasseleiing, relasjonsbygging og samarbeid, som har omsorg for elevane og skapar trygge gode klasse- og læringsmiljø der elevane trivst og lærer.
Ved alle skulane i Ål kommune er det spesielt behov for lærarar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk.
Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg.
I tillegg er kompetanse innan norsk som andrespråk eit ønske.
Kontaktlærarfunksjon er aktuell for fleire av stillingane.
Skulane i Ål
Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkluderande praksis, styrkebasert tankesett, praksisnær læring og spesialundervisning, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.
Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn, trygg og kreativ måte for å lære, skape og utforske.
Ål kommune har ein desentralisert skulestruktur med både små og litt større skular; Torpo skule, Skattebøl skule, Nordbygdene skule og Nedre-Ål skule.
Frå 8. trinn blir alle elevane samla ved Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ønsker kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap ved skulane våre.
Kvalifikasjonar
godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3
før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:
brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane
er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
er positiv, fleksibel og løysingsorientert
har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt
ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga
ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
engasjerte og dyktige skuleleiarar
skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
to-lærarsystem ved fleire av skulane
miljørettleiarar ved skulane
lønn etter gjeldande tariffavtale
arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Politiattest og søknad
vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torget 1, 3570 Ål
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor
Nøkkelord
lærar, grunnskule, digital kompetanse, undervisningskompetanse, spesialpedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397342341
- Sist endret