Overlege patologi
Helse Fonna HF
- Frist 13.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye overlege på patologi?
Er du klar for spennande utfordringar og ønsker å jobbe i et foretak som er under stor utvikling innen patologi? Da er Helse Fonna og Haugesund sjukehus den rette plassen for deg.
Patologi er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin ved klinikk for medisinske tenester og beredskap i Helse Fonna.
Avdelinga består av 4 fagområde og inkluderar 6 laboratorie. Vi har flotte lokale i nybygget på Haugesund Sjukehus, og på avdelinga vår har vi tatt i bruk ny, avansert teknologi med høg grad av automasjon. Både histologi og Immunhistokjemi er fullt digitalisert.
For tida har vi fire patologer, seksten fagingeniørar (bioingeniørar og biomedisinarar) og tre sekretærer.
Heile legegruppa fungerar som eit fagleg team med varierende grad av subspesialisering. Vi utfører celle- og vevsdiagnostikk innan gastrointestinalpatologi, lungepatologi, ikkje-gynekologisk cytologi og urologisk patologi, samt mammapatologi.
Molekylærdiagnostikk og ny sekvenseringsteknologi i samanheng med persontilpassa medisin, er under utvikling hos oss.
Søknadar vil bli behandla fortløpande.
Vi ynskjer ikkje henvendingar frå rekrutteringsbyrå.
Arbeidsoppgåver
- Delta i alle delar av den diagnostiske verksemda ved patologi
- Bidra til ei god informasjonsflyt og fagleg interaksjon mellom andre einingar
- Kliniske møter (MDT møter) og generelt utviklings- og kvalitetsarbeid er også en del av arbeidsoppgavene
- Makroarbeid, EBUS og frysesnittdiagnostikk
Kvalifikasjoner
- Norsk autorisasjon som lege eller i søknadsprosess for å oppnå autorisasjon.
- Godkjent spesialist i patologi, LIS som har kort tid igjen til spesialitet kan også søkje.
- Erfaring i patologifag (både histologi og cytologi) er ein fordel
- Gode kunnskaper i norsk, svensk eller dansk både skriftlig og muntlig
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har motivasjon og interesse for fagfeltet
- er opptatt av høg fagleg kvalitet
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- arbeider godt både sjølvstendig og i team
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling
- løn etter avtale
- konkurransedyktig pensjonsordning
- fagleg og teknologisk utvikling
- ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundsgt. 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
patologi, overlege, labaratorium
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397496584
- Sist endret