
2025/05 Seniorrådgivar HR
Statens helsetilsyn
- Frist 01.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker deg som brenn for HR-faget og som ønsker allsidige oppgåver
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.
Helsetilsynet står overfor mange og spennande utviklingsoppgåver, og den som blir tilsett vil få anledning til å vere med på utviklinga i eit HR-perspektiv.
Stillinga er forankra i Avdeling for verksemdsstyring som blant anna har ansvar for verksemdsstyring, økonomi, HR/personalforvalting, digitalisering og for drift av lokale.
Den som blir tilsett vil få varierte oppgåver og vil inngå i eit lite team som saman ivaretar HR, personaladministrasjon og lønn.
Arbeidsoppgåver
- løpande HR-oppgåver
- rekrutteringar og on-boarding av nytilsette
- utvikling og forbetring av interne prosessar
- sekretariatsfunksjonen for partssamarbeid/legge til rette for partssamarbeid
- HMS-arbeid
- leiarstøtte
- kompetanseutvikling
- bidra i utviklinga av organisasjonen
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- høgare relevant utdanning innan HR eller leiing, minimum bachelornivå
- relevant arbeidserfaring
- god kjennskap til gjeldande regelverk og avtalar for staten
- god digital kompetanse
Ønskte kvalifikasjonar:
- erfaring frå partssamarbeid
- erfaring med kompetanseutvikling
- erfaring innan prosess- og prosjektleiing
- kompetanse innan LEAN-prosessar
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som har god serviceinnstilling, som tar initiativ, som har stor arbeidskapasitet og ei løysingsorientert haldning.
Du må:
- ha godt norsk språk, munnleg og skriftleg
- ha evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og sjølvstendig, og ha god gjennomføringsevne
- ha gode samarbeidsevner og trivast med å dele kunnskap, erfaringar og informasjon
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Stillinga blir lønna i spennet: kr 700 000 - kr 850 000. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dager per veke.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllergata 24, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
HR, lederutvikling, organisasjonsutvikling, rekruttering, personal
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397505491
- Sist endret