Kontorleiar
H2 Hardanger AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
H2 jaktar kontorleiar som tar oss vidare!
H2 Hardanger AS er den nye utfordraren innan prosjektering og prosjektadministrasjon på Vestlandet. H2 Hardanger AS skal vere lettbeint og ukomplisert – og jobbar etter filosofien
«Me vinn saman!»
H2 har blitt ein solid aktør i marknaden, dette gjev oss mange nye mogelegheiter samstundes som det skapar store forventningar.
Me har eit stort spenn i oppdrag, alt frå små timebaserte oppdrag innan prosjektering til prosjektadministrasjon på nokon av dei største prosjekta i akvanæringa.
I tillegg til å levere tenester til eksterne kundar er H2 Hardanger AS samarbeidspartnar i den lokale totalentreprenøren Fuglafjell AS. Saman med solide firma i Voss og Hardanger er Fuglafjell AS tufta på «lokal utvikling» og «kortreist kunnskap» og står fjellstøtt i regionen vår.
Vi søkjer ein strukturert og initiativrik administrasjonsmedarbeider til vårt team. Stillinga inneber administrative oppgåver som mellom anna; økonomirapportering, fakturering, fakturabehandling, HR-oppgåver, rekruttering og innhaldsproduksjon for våre digitale plattformer.
Då stillinga omfattar eit breitt spekter av oppgåver, er det flott om du innehar Pippi Langstrømpe sitt tankesett: «Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg heilt sikkert»
Arbeidsoppgåver
Økonomi og fakturahandtering:
- Utarbeide økonomirapportar og budsjett
- Fakturering og oppfølging av betalingar
- Handtering av inngåande fakturaer og samarbeid med rekneskapsførar
HR og rekruttering:
- Støtte i rekrutteringsprosessar, mellom anna utarbeide stillingsannonsar og koordinering av intervju
- Oppfølging av personaladministrative oppgåver
- Bistand i utarbeiding av HR-dokumentasjon og kontraktar
Marknadsføring, digitale medier og innhaldsproduksjon:
- Oppdatering og vedlikehald av bedrifta sine nettsider
- Administrasjon av bedrifta sine sosiale medieplattformer
- Produksjon av innhald som artiklar, blogginnlegg og anna marknadsmateriell
- Utarbeide av marknadsplanar, mellom anna:
- Plan for lokal sponsing
- Plan for visuell profilering i samband med relevante konferansar, messer, ol
- Utarbeide og vedlikehalde vårt register av mal-dokument
Generell administrativ støtte:
- Koordinering av interne arrangement og sosiale aktiviteter
- Vedlikehald av administrative rutinar og system
- Handtering av diverse kontorrelaterte oppgaver for å sikre eit godt arbeidsmiljø
Kort sagt få kontoret og arbeidsmiljøet til å gli i flytsonen.
For å lukkast trur vi at du har:
- Relevant utdanning innan administrasjon, økonomi, HR eller marknadsføring. Erfaring og ikkje minst pågangsmot kan erstatte utdanning.
- Erfaring med administrativt arbeid, gjerne innan økonomi, HR eller marknadsføring
- God IT-forståing og erfaring med relevante verktøy (f.eks. MS Office, rekneskapssystemer, CMS, sosiale medieplattformer)
- God økonomi- og forretningsforståing
- Flink til å sjå moglegheiter
- Gode evner til kommunikasjon, både skriftleg og muntleg
- Strukturert, sjølvstendig og serviceinnstilt
- Evne til å handtere fleire oppgåver samtidig i ein dynamisk arbeidskvardag
- Ser moglegheiter og nysgjerrig på KI
I ei spennande stilling får du:
- ta del i ei bedrift i vekst og mange dyktige fagfolk
- eit makelaust arbeidsmiljø der «Me vinn saman!»
- stor mogelegheit for å påverke eigen arbeidskvardag og utvikling
- delta i spennande prosjekt og varierte arbeidsoppgåver
- ein fleksibel arbeidsdag i nydelege omgjevnader i Norheimsund
- Ein variert og spennande arbeidskvardag
- konkurransedyktige vilkår
Ta gjerne kontakt med Partner i Headvisor, Trond Henanger – tlf 47 30 20 61, Epost: trond.henanger@headvisor.no for ein hyggeleg prat om stillinga. Du kan og kontakte Thomas Mælen, tlf 920 51 043 dagleg leiar i H2 Hardanger.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
H2 Hardanger AS har kontor i Norheimsund, på Voss og i Bergen.
H2 blei grunnlagt i 2006 som reindyrka byggteknisk ingeniørfirma. Sidan oppstart har H2 bidratt i langt over 2000 små og store prosjekt.
Porteføljen er mangfaldig og inneheld eit vidt spekter av prosjekt: prosessanlegg, næringsbygg, fleirhusvære, hotell, skular, barnehagar, sjukehus, reinseanlegg, bruer, kraftstasjonar, kunstinstallasjonar og mykje anna.
Dei siste åra har aktiviteten i større grad byrja å famne over andre tenester enn reine RIB-oppgåver. Prosjektadministrasjon har etter kvart blitt ein vel så stor del av kvardagen i H2 Hardanger AS.
Etter fisjon i 2019 blei Hardangerkontoret til H2 Byggeteknikk AS overført til H2 Hardanger AS.
- Sektor: Privat
- Sted: Sandvenvegen 17, 5600 Norheimsund
- Bransje: Arkitektur, areal og interiør, Bygg og anlegg, Eiendom
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap
Nøkkelord
kontorledelse, administrasjon, fakturering, rekruttering, digitale medier
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397528617
- Sist endret