Rådgjevar - planlegging og digitalisering
Bykle
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat som Rådgjevar - planlegging og digitalisering
Vil du drive planlegging i spennet mellom bruk og vern, og med fokus på berekraftmåla i fjellkontekst?
Bykle kommune har både fjellbygd og fjellby, rike naturområde og kulturlandskap. Vi har mykje vasskraft. Kommunen er og ferie- og fritidsdestinasjon med reiseliv og hytter. Kommunen leverer gode tenester. Vi har varierte kultur- og fritidstilbod og idrettsanlegg for deg som vil vere fysisk aktiv. Vi arbeider med planlegging i spennet frå store utbyggingsprosjekt med investorar til varig vern av natur, ofte i samhandling med regionale styresmakter. Kart og digitale sjølvbeteningsløysingar vil vere stadig viktigare framover for samhandling med innbyggjarar, hyttefolk og næringsliv. Vi treng deg med god kjennskap til kart , interesse for digitale løysingar og med solid planfagleg kompetanse. Hjå oss vil du vere del av planavdelinga på Bykle rådhus. Som planleggjar vil du arbeide med planarbeid, sakshandsaming, og ta oss vidare i arbeidet med å ta i bruk nye digitale løysingar.
Arbeidsoppgaver
- Planarbeid i medhald av plan- og bygningslova.
- Prosess- og prosjektarbeid
- Friluftsliv, sti- og løypeplanlegging.
- Bistå i arbeid med planportalar og utvikling av sjølvbetenings- og innsynsløysingar relatert til kart, plan og byggjesak på heimesida.
- Arbeid med å operasjonalisere berekraftsmåla i planar og utviklingsprosjekt med vekt på natur, klima og miljø.
- Utarbeide / medverke i ulike temaplaner og gjennomføre planprosessar med brei medverknad., jf planstrategien vår. T.d. ny kommunedelplan for kultur, idrett og fysisk aktivitet /nærmiljøanlegg, plan for kulturarv og opplevingar , klima og energiplan, trafikktryggleiksplan osb.
- Sakshandsame planforslag og legge dei fram til politisk handsaming.
- Oppdatering av kartdatabase (FKB) og andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
- Sakshandsaming av private reguleringsplanar ved behov for auka kapasitet
Kvalifikasjoner
- Master eller bachelor utdanning innanfor arealplanlegging, eller tilsvarande relevant kompetanse
- God kjennskap til bruk av GIS, kart og arealverktøy med areal- og klimarekneskap, natur og miljø databaser osb.
- Erfaring frå offentleg forvalting
- Interesse for KI og nye digitale løysingar
Personlige egenskaper
- Fagleg trygg, sjølvstendig og med god rolleforståing mellom administrasjon og politikk
- Engasjert og lett for å arbeide i lag med andre
- Motivert, arbeidssam, ryddig og serviceinnstilt
- God til å uttrykke deg både skriftleg og munnleg.
- Mobil, og tole både ein kald vinter og å verdsette fjellufta om sommaren
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i ein kommune med høg aktivitet
- Mulegheit til fagleg utvikling og vekst
- Fleksibel arbeidstid - høve til noko heimekontor etter avtale
- Løn etter kvalifikasjonar, og etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
- Flyttegodgjersle etter eige reglement
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
- Full dekning i barnehage og SFO
- Flotte naturopplevingar heile året for store og små
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ynskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arealplanlegger, Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
GIS, Arealplanlegger, Saksbehandler, Rådgiver, Digitalisering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397628180
- Sist endret