Gjenvinningsoperatør
Sunnfjord Miljøverk IKS
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Gjenvinningsoperatør
Er du vår nye gjenvinningsoperatør?
Arbeidsstad for gjenvinningsoperatør er Einestølen. Du vil også vikariere som maskinkøyrar, dersom det er behov for det.
Hovudoppgåva er å hjelpe kundar med å sortere avfallet sitt riktig. Når privatpersonar og bedrifter kjem med ting dei skal kvitte seg med - som treverk, metall, elektronikk eller farleg avfall - sørger du for at alt hamnar på rett plass. Det er ei viktig rolle der du bidreg til å gjere innbyggarane i vårt område endå betre på sortering.
Du kan også forvente å jobbe på alle våre gjenvinningsstasjonar.
Kven er du?
Sidan ein stor del av jobben går ut på å prate med kundar, må du vere serviceinnstilt og glad i å møte folk. Du må vere påliteleg og ansvarsfull, og ha eit engasjement for miljø og gjenvinning. Du må like ein variert arbeidskvardag der du er ute i all slags vêr.
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav - vi gir deg sjølvsagt den opplæringa du treng for å kjenne deg trygg i jobben.
Slik vil du jobbe
- Rettleiing av kundar og leverandørar i samband med sortering og handsaming av avfall
- Kontroll, rettleiing og elektronisk registrering av kundar
- Motta, sortere og vurdere alle typar avfall
- Bruk av maskiner og utstyr etter behov og kompetanse
- Anna arbeid som ligg i SUM si drift
Arbeidsoppgåvene vil kunne tilpassast dine erfaringar, ønskjer og kompetanse.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i gjenvinningsfag er ein fordel
- Grunnleggjande datakunnskap
- Gode kommunikasjonsevner på norsk
- Relevant erfaring
- Maskinførarbevis (M2 og M4)
- Truckførarbevis
Personlege eigenskapar vil kunne vege opp for manglande formell kompetanse. Vi gir deg sjølvsagt opplæringa du har behov for.
Vi tilbyr:
- Ei spennande og utfordrande stilling i eit framtidsretta selskap
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for å ta fagbrev i gjenvinningsfaget
- Kompetanseheving: Deltaking på kurs og konferansar, nettverk og moglegheit til å hospitere hos andre renovasjonsselskap
- Varierte oppgåver og moglegheit til å jobbe innanfor ulike fagfelt
Ønskjer du meir info om stillinga?
Ta kontakt med driftsleiar Kjell Bu på telefon 905 02 589.
Om arbeidsgiveren
Sunnfjord Miljøverk IKS er renovasjonsselskapet til kommunane Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad - til saman om lag 29 000 innbyggjarar og 12 500 abonnentar. Vår viktigaste oppgåve er å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein mest mogleg miljø- og kostnadseffektiv måte.
Vi er eit selskap i vekst og har store ambisjonar for framtidas renovasjonstenester i regionen. Les meir om oss på nettsida vår.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kloppstadvegen 310, 6815 Førde
- Bransje: Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397670351
- Sist endret