
Forksningsteknikar (sommervikarar)
Universitetet i Bergen
- Frist 05.04.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Forksningsteknikar (sommervikarar)
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Forskingsteknikar (sommarvikarar) ved Dyreavdelinga
Ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet, er det ledig fleire sommarvikariat som forskingsteknikar både heiltid og deltid i perioden frå juni til og med august 2025.
Deltaking i helgevakter kan inngå i stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Stell og tilsyn av dyr og kvalitetssikringsarbeid knytt til dyreforsøk. Forsøk med dyr er regulert av fleire forskrifter og internkontrollrutinar
- Den som vert tilsett vil og drive opplæring av avdelinga sine brukarar knytt til dyr, utstyr, helse, miljø og tryggleik
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Relevant utdanning frå vidaregåande skule eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring frå arbeid med dyr er ein føremon
- Kurs i forsøksdyrlære etter forsøksdyrforskrifta sitt minimum krav om slik opplæring (§24 Vedlegg E, 1-10 ) eller kurs i forsøksdyrlære tilsvarande FELASA A, B eller C er ein føremon, men ikkje eit krav
- Må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Vi søkjer ein ansvarsmedviten person som er glad i dyr og folk og med interesse for forsking, som kan inngå i vårt arbeidsteam i sommar
- Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, men og kunne samarbeide med både kollegaer og forskarar
- Søkjar må vere fleksibel, ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande.
- God munnleg og skriftleg norsk og engelsk er eit krav
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby
- spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn er fortida kr kr 465 000 - 490 000 (kode 1512). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Driftsleder Joanna Stormark, joanna.stormark@uib.no, Tlf: 48014461
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397833295
- Sist endret