
Vikariat for Psykolog/psykologspesialist
Helse Bergen HF
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Psykologspesialist/Psykolog
Vil du bidra som eit viktig bindeledd mellom psykiatri og somatikk?
Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har tre avdelingar som er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), og to avdelingar som er lokalisert på Haukelandsområdet: Regional avdeling spiseforstyrringar og Avdeling psykosomatisk medisin.
Avdeling psykosomatisk medisin består av 3 seksjonar: Seksjon konsultasjonspsykiatri, Seksjon for alderspsykiatri og Seksjon for nevrostimulerande behandling.
Seksjon konsultasjonspsykiatri har eit tverrfagleg miljø med psykologspesialist, spesialistar i psykiatri og psykiatrisk sjukepleiar. Seksjonen gir tenester til dei somatiske einingane på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus. Vi jobbar tverrfagleg med avgrensa pasientforløp når pasienten er inneliggande på somatiske einingar.
Vi har no ledig vikariat for Psykologspesialist eller erfaren psykolog i eit år.
Vi tilbyr ein spennande jobb der målet er å bringe medisin og psykiatri/psykologi tettare saman og bidra til betre behandling av psykososiale og psykiatriske forhold ved somatisk sjukdom. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt fagleg samarbeid med andre avdelingar i sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
- Konsultasjon - liaison tenester ved dei somatiske einingane på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus
- Rettleiing og formidling av kunnskap internt og til samarbeidande einingar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Søkar må ha erfaring som psykolog frå klinisk arbeid med ulike typar psykiske lidingar
- Det er ein fordel med erfaring frå konsultasjon-liaisonpsykiatri
- Interesse for psykosomatikk og helsepsykologi
- Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna
- Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
- Det er viktig at du likar å arbeide i tverrfaglege team
- Vere bidragsytar for eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Den som bli tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Interessante arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg nivå
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
- Arbeide i tverrfaglege team
- Moglegheit for forsking
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykologspesialist, psykolog, Psykosomatisk medisin, Konsultasjonspsykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397838063
- Sist endret