
2025/03- Fast stilling for jurist
Statens helsetilsyn
- Frist 02.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker jurist med interesse for pasient- og brukarrettar (rådgivar/seniorrådgivar)
Vi søker ein samfunnsengasjert jurist med interesse for pasient- og brukarrettar. Det er fint om du og er nysgjerrig på nye løysingar og digitalisering. Stillinga er for tida plassert i Avdeling for tilsyns- og klagesaker i helse- og omsorgstenesta. Avdelinga har overordna ansvar for rettsklager og tvang og makt. Avdelinga har og ansvaret for behandling av enkeltsaker som gjeld helsepersonell og verksemder.
Talet på klager på retten til helse- og omsorgstenester har auka dei siste åra. Dette utfordrar blant anna saksbehandlingskapasiteten hos statsforvaltarane. Det skal heller ikke vere ugrunna forskjellar mellom deler av landet når det gjeld lovfesta rettar eller bruk av tvang og makt. Vi skal i 2025 derfor auke innsatsen for god overordna fagleg styring og støtte til statsforvaltarane sitt arbeid med kontroll med tvang og makt, rettsklager og på tilsynsfeltet. Du vil få ei rolle som pådrivar i dette arbeidet i avdelinga og ut mot statsforvaltarane.
Arbeidsoppgåver
- bidra til å styrke og harmonisere behandling av klager som gjeld pasient- og brukerrettar hos statsforvaltarane
- bidra til å styrke og harmonisere statsforvaltarane sitt kontrollarbeid med bruk av tvang i helse- og omsorgstenestene
- bidra til å utvikle tilsynet i tråd med samfunnsutviklinga
- behandle klager som overordna myndigheit
- behandling av tilsynssaker og søknader
I tillegg for seniorrådgivar:
- leie utviklingsoppgåver og prosessar
- det kan òg bli aktuelt med andre oppgåver som avdelinga har ansvar for
Nødvendige kvalifikasjonskrav
- master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
- kjennskap til pasient- og brukerrettighetsloven og helse- og omsorgstjenesteloven
- kjennskap til, eller erfaring frå offentleg forvaltning
- god kjennskap til forvaltningsrett
- god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk. Vi skriv både på bokmål og nynorsk.
Ønska kvalifikasjonar:
- erfaring frå statsforvaltaren eller anna relevant verksemd
- kjennskap til tilsyn og tilsynsarbeid
- erfaring frå kvalitets- og pasientsikkerheitsarbeid
- kjennskap til statsforvaltarane
- gode analytiske ferdigheiter
- interesse for digitaliseringsarbeid
For å vere kvalifisert til seniorrådgivar må du ha lang og relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
Vi trur du vi trivast og lykkast i denne stillinga dersom du:
- er ansvarsbevisst, sjølvstendig og løysingsorientert
- har god struktur og framdrift i oppgaveløysinga
- har god relasjons- og samarbeidsevne, på tvers av fagområde og profesjonar
- er fleksibel, hjelper til der det trengst og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er nysgjerrig og interessert i å sette deg inn i nye fagområde
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Lønn for rådgivar: 580 000 - 680 000 / seniorrådgivar kr 650 000 - 900 000. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dager per veke.Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllergata 24, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398444225
- Sist endret