
Assisterande seksjonsleiar/ Senterkoordinator
Helse Bergen HF
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Assisterande seksjonsleiar/Senterkoordinator
Har du lyst til å utvikle deg som leiar og i administrativt arbeid?
Forskingsavdelinga ser no etter ein engasjert og strukturert assisterande seksjonsleiar som ønsker å vere ein pådrivar for effektive arbeidsprosessar og eit godt arbeidsmiljø. Som assisterande seksjonsleiar vil du ha ei viktig rolle i den daglege drifta av seksjonen, samtidig som du bidrar strategisk til vidareutvikling og forbetring.
Stillinga vil ha delt ansvar som assisterende seksjonsleiar i Forskingseininga og koordinator for Senter for populasjonshelse. Du vil rapportere til og samarbeide tett med seksjonsleiar og senterleiar.
Forskingsavdelinga har ansvar for å synleggjere forsking i divisjonen og betre forskarane sin tilgang på administrativ støtte og kompetanse. Målet er å bidra til at forsking blir ein naturleg og integrert del av drifta i heile Divisjon psykisk helsevern.
Senter for populasjonshelse tar sikte på å vere i forskingsfronten internasjonalt, og baseres i hovudsakt på eksternfinansiering frå Forskingsrådet, Helse Vest og andre kjelder. Det er tett forskingsssamarbeid mellom senteret og Kompetanseteneste for arbeid og psykisk helse (KAPH) ved Nordlandssykehuset (NLSH). Vi søker ein strukturert medarbeidar som vil bidra til å styrke den administrative drifta i begge rollane.
Hos oss vil du få ein spennande arbeidsplass med kompetente og engasjerte medarbeidarar som vil ha deg med for å bidra til å utvikle gode tenester i vår avdeling. Du vil og få anledning til å samarbeide med eit breitt spekter av fagpersonar både internt i divisjonen og eksternt med andre forskingsinstitusjonar.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for personaladministrative oppgåver som rekruttering, arbeidsavtalar, arbeids- og oppgåveplanlegging, samt løpande drift
- Arbeid med utvikling og implementering av rutinar og faglege retningslinjer
- Sentrale saksbehandlings- og innkjøperoppgåver
- Oppfølging og koordinering av interne aktivitetar
- Koordinere og følge opp den administrative delen av forskingsaktivitetar
- Sikre etterleving av formelle krav og rutinar for forskingsfinansiering, prosjektstyring og rapportering
- Utvikling og vedlikehald av nettsider og informasjonskanalar
- Bidra i videreutvikling av Senter for populasjonshelse i takt med veksande forskingsaktivitet
- Vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå innan helsevitenskap, samfunnsvitenskap, administrasjon eller anna relevant utdanning
- Det er ein fordel med erfaring med personaladministrative oppgåver og system
- God digital kompetanse er ein fordel
- Erfaring frå forskingsadministrativt arbeid er ein fordel
- Gode kommunikasjonsferdigher
- Gode norsk - og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, strukturert og har god gjennomføringsevne
- Du liker utfordringar, er engasjert, fleksibel og tar ansvar
- Du har gode evner til samarbeid og relasjonsbygging
- Du er initiativrik og løysingsorientert
- Du har god skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Du trivs i ein dynamisk arbeidskvardag med varierte oppgåver
- Du evner å jobbe under høgt arbeidspress for å levere innan fristar
- Personleg egnaheit vert vektlagd
Vi tilbyr
- Ein avdeling med eit godt fagleg og sosialt miljø
- Moglegheit til å bidra i utviklinga av både Forskingseininga og eit forskingssenter i vekst med stort engasjement
- Ein spennande arbeidskvardag med varierte oppgåver og rom for ansvar
- Leiarutvikling ved utviklingsprogramma i Helse Bergen samt opplæring i personaladministrative system, lovverk oa
- Kompetansehevande tiltak i henhald til behov
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Kontor og administrasjon, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Assisterende seksjonsleder, Senterkoordinator, Forskningsavdelingen psykiatri, ledelse, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398454676
- Sist endret