Rådgivar økonomistyring - vikariat
Bjørnafjorden kommune Økonomiavdelinga
- Frist 03.04.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Rådgivar økonomistyring - vikariat
Bjørnafjorden kommune har ledig ca1 års vikariat frå sommaren 2025 som rådgivar innan økonomistyring. Økonomirådgivaren har ei sentral rolle med fokus på økonomistyring, rettleiing ograpportering.
Arbeidsoppgåvene vil m.a. omfatta
- Budsjett og økonomiplan
- Rekneskapsprognosar
- Økonomiske analyser
- Rådgiving til kommuneleiing og einingar
- Deltaking i rekneskapsarbeid
- Økonomiske tilskot
Vi søkjer primært etter ein person med høgare økonomisk utdanning, med god IT-kompetanse.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi vil leggja vekt på søkjaren si samla kompetanse og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
- Ein organisasjon med store utviklingsoppgåver i åra som kjem
- Eit spanande arbeidsområde med høve til å påverka innhaldet i jobben
- Ein utfordrande jobb med høve for personleg utvikling
- Kompetente kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering
Nøkkelord
rådgiver, økonomi, økonomistyring, rådgiving, controller
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398464182
- Sist endret