Sjåfør betongbil
Hallingdal Betong as
- Frist 28.3.2025
- Ansettelsesform Fast
- Timelønn 280 - 300 kr
Vil du vere med på laget?
Me søker sjåfør til betongbil
Me ynskjer ein person som er arbeidsvillig, ansvarsbevisst, sjølvstendig, ryddig og fleksibel.
Arbeidet er variert og kan sumar og haust vere hektisk med høg arbeidsbelastning.
Hovudoppgåver:
Transport av betong til byggeplassar.
Vedlikehald og reinhald av betongbil.
Kvalifikasjonar:
Førarkort kl. C og YSK
(Dersom du ikkje har førarkort kl. C kan me vere behjelpeleg med å dekke kostnad på dette mot bindingstid)
Erfaring frå betongarbeid eller kunnskap om betong er ein fordel, men opplæring vil bli gitt med eigne betongkurs.
Erfaring frå bygg-/anleggsrelatert arbeid er ein fordel.
Erfaring/kompetanse med bilvedlikehald/reparasjon er ein fordel.
Me kan tilby ordna forhold med gode lønns-, pensjons- og forsikringsordningar.
Ein bør snakke norsk.
Deltidstilsetting på sesong kan også vere av interesse.
Søknad med CV kan sendast til Hallingdal Betong AS, 3579 Torpo eller
innan 28.03.25. SØknader vert vurdert fortløpande.
Ytterlegare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte oss på telefon 32 08 30 09 eller 90 99 22 91
Om arbeidsgiveren
Hallingdal Betong as vart stifta i 1993 og utfører produksjon og levering av ferdigbetong og betongelement i Hallingdal og nærliggande område.
Me er og forhandlar av andre betongrelaterte produkt og utfører laboratorietenester på betong og tilslag.
Årleg omsetning er ca. 70 mill.
Me har totalt 16 fast tilsette i bedrifta.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Torpovegen 588, 3579 Torpo
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted, Bygg og anlegg, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
betongbil, betongpumpe, lastebilsjøfør, betongarbeid, bygg og anlegg
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398582220
- Sist endret