
Internasjonaliseringsrådgjevar Møre og Romsdal
Innovasjon Norge
- Frist 6.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Jobb med internasjonal forretningsutvikling i Innovasjon Norge
Regjeringa har sett ambisiøse mål om å auke norsk eksport gjennom reforma «Heile Noreg eksporterer». Innovasjon Norge spelar ei sentral rolle i eksportsatsinga ved å tilby kompetanse, kapital og nettverk både heime og via vårt internasjonale apparat i 22 land.
Møre og Romsdal er Noregs mest eksportintensive fylke og har ei næringsstruktur som matchar regjeringa sine eksportsatsingar svært godt, innan sektorar som maritim næring, sjømatnæring, kraftintensiv industri og møbelindustri.
Som internasjonaliseringsrådgjevar har du solid erfaring med internasjonal forretningsutvikling, samt god forståing for kva det å gå internasjonalt betyr og kva det krev av ei bedrift.
Dine oppgåver vil mellom anna vere:
Aktivt oppsøkje og sparre med dei bedrifter som blir rekna som relevante, og saman med bedriftene kartleggje behov, modenheit, ambisjonar og potensial for auka eksport og internasjonalisering.
Gjennomføre målretta internasjonaliseringsstrategiprosessar med grupper av bedrifter som skal ekspandere internasjonalt.
Følgje bedrifter over tid, vere prosessleiar og setje saman leveranseteam når relevant. Koble bedrifter på relevante tenester frå Innovasjon Noreg og eksterne aktørar når relevant, og dokumentere leveransar og analysere resultat.
Jobbe tett saman med Innovasjon Noreg si eining for strategiske eksportsatsingar og som ein del av eit globalt team.
Ønskt kompetanse:
Betydelig erfaring med internasjonal forretningsutvikling – god forståing av kva det å gå internasjonalt betyr, og kva det krev av ei bedrift.
Evne til å sparre med kunden om vekstmoglegheiter, skalering, risikofaktorar, kapitalbehov og andre føresetnader for vellukka etablering og vekst internasjonalt.
Prosjekt- eller prosessleiar-kompetanse og erfaring med å fasilitere prosessar med både enkeltbedrifter og grupper av bedrifter.
God forståing av næringslivet innan ein eller fleire av regjeringa sine satsingsområde – gjerne innan maritim, marin eller akvakultur, men erfaring frå andre næringar blir også vektlagt.
Relevant høgare utdanning vil telje positivt.
Du har eit kommersielt mindset og ei utprega løysingsorientert tilnærming. Du er ein «do’er» som evner å vere ein pådrivar både internt og eksternt, og som aktivt kontaktar, koblar, finn løysingar og følgjer opp kundane dine. Du har evna til å skape tillit og engasjement, og er dyktig til å både utfordre og støtte kundar.
Du er også nysgjerrig og har eit sterkt ønske om å tileigne deg ny kunnskap. Du er strukturert og systematisk i di tilnærming, og du trivst med å jobbe i eit dynamisk miljø.
Til slutt: kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i Innovasjon Norge sitt samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er sett av til kompetanseutvikling. Vi har innskotspensjon og svært gode forsikringsordningar.
Innovasjon Norge i Møre og Romsdal er eit team på 25 tilsette. Du vil jobbe i ei global organisasjon saman med dyktige kollegaer og spennande kundar. Du vil bli del av teamet i Møre og Romsdal samt det nasjonale spesialistteamet innan internasjonalisering.
For ytterlegare informasjon, kontakt regiondirektør Helge Gjerde, tlf. 901 05 691/ helge.gjerde at innovasjonnorge.no
Kontorstad: Ålesund
Søknadsfrist: 6. april
Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristen sitt utløp, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjorde offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeve oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få høve til å trekke søknaden.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skansekaia 4b, 6002 Ålesund
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Markedsanalyse
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
innovasjon, internasjonalisering, prosjektledelse, finansiering, forretningsutvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398619371
- Sist endret