
2025/04 - jurist
Statens helsetilsyn
- Frist 01.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på å bygge opp ei ny ordning for svært alvorlege saker om barn?
Helsetilsynet har fått i oppdrag å opprette ei ny undersøkingsordning for svært alvorlege saker om barn somhar mista livet, eller har blitt utsett forvald, overgrep og grov omsorgssvikt. Undersøkingsordninga skal gjennomgå saker ved å kartlegge kva som har skjedd, finne årsaksfaktorar og årsakssamanhengar, for åidentifisere systemsvikt på tvers av sektorar. Ordninga blir foreløpig etablert som ei eiga eining i Statens helsetilsyn.
Vi søker nå ein jurist til ordninga.
Den som blir tilsett vil gjennomføre undersøkingar, analysere data, skrive rapportar og formidle funn og anbefalingar.Undersøkingane blir organisert som tverrfaglege prosjekt i tett samarbeid med kollegaer. Arbeidet krev kontakt med ulike aktørar, barn,familiar og andre pårørande.
Som nyoppretta ordning vil det vere behov for å arbeide med utviklinga av ordninga ogundersøkingsmetodar, med vurderingar av barn sine rettar i medhald av internasjonale konvensjonar og relevant sektorregelverk, og med styring av og samarbeid mellom relevante sektorar, tenester og forvaltningsnivå. Vi søker derfor ein engasjert og dyktig medarbeidar med lang ogrelevant erfaring innan barnerett, forvaltningsrett og myndigheitsutøving på tvers av sektorområde.
Arbeidsoppgåver
- Identifisere systemsvikt og utfordringar i eksisterande regelverk og praksis
- Utforme juridiske anbefalingar og forslag til regelverksendringar som styrker rettssikkerheita til barn og gir grunnlag for betre samarbeid og avklaringar av ansvar
- Sikre at undersøkingar blir gjennomført i tråd med forvaltningsrettslege prinsipp og gjeldande sektorregelverk
- Behandle og følge opp meldingar og anna informasjon om svært alvorlege saker
- Følge med på rettsutvikling og risikoområde
- Leie og delta i tverrfaglege undersøkingar:
- gjennomføre intervju
- innhente dokumentasjon og kunnskap om fagområde og tema som blir undersøkt
- analysere data og funn
- utarbeide rapportar
- formidle funn og læringspunkt, skriftleg og munnleg
- ha dialog med fagmiljø, forvaltningsorgan, fag- og brukarorganisasjonar
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- master i rettsvitenskap / juridisk embetseksamen
- svært god kunnskap om relevant regelverk
- svært god kunnskap om offentleg forvaltning
- solid erfaring med juridisk arbeid innan ulike fagområde som gjeld barn og unge (for eksempel barnerett, forvaltningsrett, personvern, teieplikt og regelverk for samhandling mellom sektorar og teneste)
- svært god framstillingsevne og evne til å utarbeide klare og gode tekstar
- god forståing for, innsikt i og erfaring med samhandlingsutfordringar mellom tenester, sektorar og forvaltningsnivå
- god digital kompetanse
- erfaring med tverrfagleg og tverrsektorielt arbeid
Ønskte kvalifikasjonar:
- erfaring frå tilsyn, etterforsking eller anna form for undersøking
- erfaring/kompetanse innan formidling
- erfaring med analyser av systemsvikt og arbeid med lærings- og forbetringsprosessar i offentleg forvaltning
- erfaring med regelverk, styring og rammevilkår for relevante tenester som barnevern, helse, utdanning og/eller justissektoren
- erfaring med utgreiingar
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er engasjert og opptatt av barn sitt beste og rettssikkerheit. Dumå ha svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne ogei positiv og løysingsorientert haldning.
Du må:
- vere analytisk, strukturert og målretta
- vere i stand til å jobbe både sjølvstendig og tverrfagleg
- ha god samarbeidsevne og evne til å skape gode relasjonar
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Lønn for seniorrådgivar: kr. 700 000 - 900 000. For særs godt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga. Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Vi kan vurdere fleksibilitet når det gjeld arbeidsstad.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllergata 24, 0179 Oslo
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
barn, undersøkelsesordning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398627766
- Sist endret