
Overlege/bedriftslege
Helse Bergen HF
- Frist 21.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Bedriftslege/arbeidsmedisinar
Er du ein lege med hjarte for førebygging og eit helsefremmande arbeidsliv?
Bedriftshelsetenesta og yrkesmedisinsk avdeling søker 1-2 bedriftslegar/overlegar til 100% faste stillingar. Her får du ei unik moglegheit til å bruke kompetansen din i eit sterkt fagmiljø som arbeider for trygge, sunne og helsefremmande arbeidsplassar.
Vi søkjer deg som er spesialist i arbeidsmedisin eller har annan relevant spesialitet. Er du ikkje spesialist enno, men kan tenkje deg å bli det? Vi kan leggje opp eit utdanningsløp for deg!
Som bedriftslege vil du ha ei viktig rolle i å utvikle arbeidsmiljøet for våre tilsette. Du vil ha moglegheit til å jobbe delt mellom bedriftshelsetenesta og yrkesmedisinsk avdeling, til dømes 50% kvar stad. Vi tilbyr også avsett tid til forsking. På yrkesmedisinsk avdeling vil jobb ved arbeidsmedisinsk poliklinikk vere mest aktuelt, men det er også moglegheit for ein kombinasjon med arbeid ved norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin.
Bedriftshelsetenesta og yrkesmedisinsk avdeling er samlokalisert og samarbeidar fagleg. Bedriftslegen vil også ha eit breitt fagleg nettverk med andre profesjonar ved sjukehuset og med bedriftslegane i dei andre føretaka i Helse Vest.
Dette er stillingar med stor fagleg variasjon, moglegheiter for utvikling og direkte påverknad på helsa i arbeidslivet.
Om stillinga som bedriftslege
- Du vil arbeide med mange og ulike former for eksponeringer
- Varierte oppgåver opp mot mange ulike grupper av tilsette
- Samarbeid med smittevernpersonell og arbeid med smittevernfaglege problemstillingar
Bedriftshelsetenesta:
Bedriftshelsetenesta bistår Helse Bergen i arbeidet med å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset. Vi er ein fagkyndig og rådgivande teneste innan førebyggande helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Vi er ei tverrfagleg samansett gruppe som ivaretar områda innanfor: arbeidsmedisin, fysisk og kjemisk arbeidsmiljø, psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø, smittevern for tilsette, ergonomi og systematisk HMS-arbeid. Bedriftshelsetenesta er del av Personal- og organisasjonsavdelinga der over 70 kollegaer tilbyr rådgiving og utviklingsstøtte på heile HR-området.
Yrkesmedisinsk avdeling:
Yrkesmedisinsk avdeling er ein bredt samansett avdeling som bidrar til å førebygge sjukdom og fremme god helse i befolkninga. Avdelinga er organisert i arbeidsmedisinsk poliklinikk som har regionansvar for Helseregion III (Vestland og Rogaland), regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet, seksjon for hyperbarmedisin, norsk senter for maritim- og dykkemedisin, sjukepleieseksjonen og merkantil seksjon. Avdelinga har difor eit unikt tverrfagleg preg som gir store moglegheiter for læringsarena også på tvers i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Førebygge og følge opp arbeidsrelaterte helseplagar
- Gje råd om nærværsfremmande tiltak og støtte til sjukefråværsoppfølging
- Bistå med opplæring og rådgiving innan arbeidshelse og systematisk HMS-arbeid
- Delta i arbeidsmiljøutval og leie relevante prosjekt
- Sjå til at det medisinske arbeidet i bedriftshelsetenesta er i tråd med faglege reglar og normer
- Utføre og bistå ved målretta helsekontrollar og jobbe med yrkesvaksinasjon
- Vidareutvikle metodikk for kartlegging og intervensjon i arbeidsmiljø
- Ved oppgåver også ved Yrkesmedisinsk avdeling vektlegges poliklinisk aktivitet, arbeidsmiljøundersøkingar og førebyggande arbeid
Kvalifikasjonar
- Har spesialisering i arbeidsmedisin, er under spesialisering i arbeidsmedisin, eller anna relevant erfaring innan arbeidsmedisin
- Har norsk autorisasjon som lege og gjernnomført turnusteneste/LIS 1
- Har erfaring med førebyggande arbeidsmiljøarbeid og interesse for komplekse organisasjonar
- Kjenner godt til arbeidsmiljølova og relevant lovverk
- Har solide samarbeidsevner og tverrfagleg forståing
- Kommuniserer klart og tydeleg, både munnleg og skriftleg
- I forhold til kombinert stilling ved Yrkesmedisinsk avdeling vil det bli lagt vekt på erfaring innenfor arbeidsmedisin og oppnådd kompetanse
Personlege eigenskapar
- Engasjert og omgjengeleg
- Analytisk, systematisk og målretta
- Fleksibel og løysingsorientert
- Likar å tileigne deg og dele kunnskap
Vi tilbyr
- Ei variert og sjølvstendig rolle med stort samfunnsoppdrag
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege, Overlege, Spesiallege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege, bedriftslege, arbeismedisin, HMS, Bedriftshelsetjeneste
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398715701
- Sist endret