Levekårskontakt - 100 %
Bjørnafjorden kommune NAV
- Frist 03.04.2025
- Ansettelsesform Prosjekt
Levekårskontakt - 100 %
Vi har ledig 100 % stilling som Levekårskontakt hos NAV. Dette er ein prosjektstilling med varigheit på inntil 3 år frå oppstartsdato.
Bustadsosialt arbeid handlar mellom anna om å bistå vanskelegstilte på bustadmarknaden til å skaffe eigna bustad, samt gi hjelp og støtte for å meistre busituasjon.Stillinga som levekårskontakt inneber å støtte og gi hjelp til personar med ulike utfordringar knytt til å skaffe eller beholde eigna bustad. Vi ser etter deg som er god på å skape relasjonar og som ser moglegheiter saman med bruker.
Høyres dette ut som ei spennande stilling så send oss ein søknad og fortel kvifor du ønsker denne stillinga.
Arbeidsstad
Stillinga vil ha base ved Nav Bjørnafjorden men du må rekna med at store deler av arbeidstida di vil vere ute saman med brukar og oppsøkjande arbeid
Arbeidsoppgåver
Som levekårskontakt i Nav Bjørnafjorden skal du bidra til betre levekår og stabile butilhøve for barnefamiliar og vanskelegstilte på bustadmarknaden. Du skal jobbe tett saman med eigne brukarar, gi støtte, råd og rettleiing samt praktisk bistand der det trengs.
Levekårskontakten skal kjenne viktige samarbeidspartar, halde seg oppdatert og orientert på bustadmarknaden, medverka i kommunen sitt bustadsosiale arbeid og ikkje minst ha god oversikt over tenestetilbodet i Nav og i kommunen.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule/universitet som er relevant for denne type arbeid. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Førarkort kl. B
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kunnskap om bustadsosialt arbeid og Nav sitt samfunnsoppdrag er ein fordel, men ikkje eit krav
- Det er ønskeleg at du disponerer bil
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Løysingsorientert og evne til å omstille seg når det trengs
- God relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Holtbrekka 7, 5200 Os
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Miljøtjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
NAV, Prosjektstilling, Levekårskontakt, Bosted
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398720840
- Sist endret