Miljøterapeut 80-100 %
Bufetat
- Frist 01.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut 80-100 %
Våren 2025 opnar Bufetat, region vest, ei ny behandlingsavdeling for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Vi har allereie tilsett eit sterkt team av dyktige miljøterapeutar som brenn for å skape ein stabil og føreseieleg kvardag for ungdomane.
No nærmar vi oss oppstart – og vi ser etter nokre få engasjerte miljøterapeutar til for å komplettere laget!
Arbeidskvardagen vil bestå av målretta og systematisk miljøterapi for å hjelpe ungdomar med store utfordringar til å få ein betre kvardag.
Vi har fleire viktige roller og ansvarsområde som skal fordelast blant miljøpersonalet, mellom anna fagkoordinator for omsorgs- og endringsmodellen (OEM).
Du vil få vera med å starte ei heilt ny avdeling, saman med ei ny personalgruppe på ca. 25 tilsette. Avdelinga skal arbeide fagleg og metodisk rundt den enkelte ungdomen. For tida arbeider vi etter omsorgs- og endringsmodellen og forlaup i barnevernsinstitusjonar. Du vil få opplæring og rettleiing frå nasjonalt kompetansemiljø og frå regionen sin egen faglege støtte-seksjon. Det vil også kvar veke gjennomførast tryggleiks- og sikkerheitstrening saman med kollegaer.
Arbeidstidsordninga er for tida todelt turnus med dag- og kveldsvakter, nokre langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Avdelinga vil vera lokalisert på Tveiterås, i Fana bydel i Bergen. Oppstart etter avtale.
Vi ynskjer ei tilnærma lik kjønnsfordeling blant våre tilsette, med bakgrunn i gitte føringar i rettigheitsforskrifta. På bakgrunn av dette, oppmodar vi særleg kvalifiserte menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Målretta og systematisk miljøterapi med ungdomane som bur på avdelinga.
- Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, skule, helse og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdomen.
- Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing.
- Delta i og ha ansvar for møter som omhandlar ungdomane, og overlapping ved vaktskifte.
- Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga.
Kvalifikasjonar
- Det vert i utgangspunktet stilt krav om treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, politi, pedagog, psykolog, eller ergoterapeut kan vurderast, fortrinnsvis med 60 studiepoeng relevant vidareutdanning.
- For alle søkjarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe / arbeid med ungdom med utfordrande åtferd. Eventuelt erfaring frå Ungdomsenheten eller tilsvarande.
- Det vert lagt vekt på erfaring innan traumebevisst omsorg.
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til barnevernslova og barnevernets arbeid.
- God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
- Krav om førarkort for personbil.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Vil vera i lag med ungdomen, ha samtalar, gjennomføre aktivitetar og gjere kvardagslege ting i lag, også når det krev stor innsats og mykje motiveringsarbeid.
- Anerkjenner at det ligg mykje arbeid bak ein vanleg dag for vår målgruppe.
- Toler å stå i konfliktar på ein trygg måte, samtidig som du forstår at ungdomen har det vanskeleg.
- Jobbar strukturert og målretta for å hjelpe våre ungdomar til å oppleve meistring, og ta betre val for seg sjølve.
- Vil arbeide med traumebevisst omsorg, avdelinga sine retningsliner og faglege rettleiarar.
- Trivst både med å arbeide sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 480 000 – 605 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 532 200 – 645 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 – 645 000 pr. År.
- Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbud om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Informasjon til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bufetat, region vest, behandling for ungdom.
- Politiattest må framleggjast ved eventuell tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følge. Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøterapeut, Heltid, Fast
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398724009
- Sist endret