Vikariat maskinavdeling
Vestland fylkeskommune
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Undervisningsvikar maskinavdeling
Har du lyst på ein jobb å stortrivast i?
Fagskulen Vestland, studiestad Førde, er framleis i vekst. Vi har hatt stor auke i tal studentar og tilsette, vi har utvikla nye studium, både lange og korte.
Vi er samlokaliserte med Campus Verftet i nye, fine lokale ved sjøen.
No treng vi ein dyktig vikar på maskinlinja i eit 6 månaders engasjement frå 1. august og fram til jul 2025.
Arbeidsoppgåver
Vi treng ein ingeniør som kan undervise, og være læringsleiar, for våre lærevillige studentar.
I tillegg kan det være arbeidsoppgåver knytt til vidareutvikling av våre lab-fasilitetar i Campus Verftet og utvikling av nye studium i samarbeid med næringslivet. Vi er no i gang med å etablere og vidareutvikle ein tverrfagleg lab på Campus Verftet, og vi arbeider med å sertifisere metall- og betonglaben.
Fagskulen Vestland har etablert ein etter- og vidareutdanningsavdeling som er lokalisert ved studiestad Førde. Saman med lærarane våre avdekkar dei kompetansebehov i næringslivet, og utviklar nye studium.
Du også kan være med å påvirke den vidare utviklinga av Fagskulen Vestland.
Kvalifikasjonar
Er du ingeniør, fagskuleingeniør eller sivilingeniør, og har fagkompetanse innan maskin? Då er du den rette for oss!
Om du har pedagogisk utdanning er det fint. Viss ikkje, legg vi til rette for at du kan få rettleiing av våre gode pedagogar.
Personlege eigenskapar
Du likar tanken på å være lærar innan høgare yrkesfagleg utdanning for ein gjeng vaksne studentar med fagbrev og / eller allsidig praksis.
Du har eit ønske om å formidle kunnskap, og å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer og studentar.
Du ser fordelen med prosjektbasert og studentaktiv læring.
Du er glad i faget ditt, har evna til å engasjere deg og samtidig engasjere andre.
Du ønsker å bidra til eit positivt arbeids- og læringsmiljø.
Vi tilbyr
Fagleg utvikling, interessante arbeidsoppgåver, lærevillige studentar, hyggelege og engasjerte kollegaer, gode tverrfaglege diskusjonar og høve til å knytte kontaktar i det lokale næringsliv.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øyrane 12, 6800 Førde
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Industri og produksjon, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Materialteknologi, Mekanisk
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398732463
- Sist endret